Bergens Tidende

– Eg vil ikkje kalle det ein psykose, men eg har vore i ein sinnstilst­and der alt har verka heilt låst

- KJETIL KOPREN ULLEBØ kjetil.ullebo@bt.no foto JANNICA LUOTO

Olaug Nilssen sin nye roman er mellom anna inspirert av eit bibelvers ho meiner er ganske provoseran­de.

– Eg føler meg ikkje like sårbar no som då eg gav ut «Tung tids tale». Viss den hadde fått dårlege meldingar, hadde det vore eit heilt forferdele­g nederlag for meg. Den var så personleg, så vidopen, eg veit ikkje kva eg hadde gjort, seier Olaug Nilssen.

Hennar førre roman var historia om familien og sonen Daniel, som i treårsalde­ren fekk diagnosen regressiv autisme.

No har ho akkurat fått nyss i ei positiv melding av den nye romanen «Yt etter evne, få etter behov», og Nilssen er tydeleg letta.

– Denne gongen var eg kjepphøg og trudde at eg skulle tole kva som helst, at eg ikkje ville vere så oppteken av kva meldarane meinte om boka. Men eg har kjent på spenninga dei siste vekene. Det har vore vanskeleg å halde ut! seier ho og ler.

– Kjendest nesten som juks «Tung tids tale» (2017) fekk definitivt ikkje dårlege meldingar. Den sjølvbiogr­afiske romanen vart ein suksess både blant meldarane og publikum, og Nilssen fekk mellom anna Brageprise­n.

Boka skildra livet med eldstesone­n Daniel. Då han var tre år, stansa utviklinga, for deretter å gå tilbake. Han lukka seg meir og meir inn.

I hennar nye roman utforskar Nilssen den same tematikken, men på ein heilt annan måte.

– Då eg skreiv boka, kjendest det nesten om juks, i alle fall i byrjinga. «Tung tids tale» var så rå, så tett på. Denne gongen var det ein heilt annan avstand i stoffet, det var mykje meir tydeleg at romanen var fiksjon, sjølv om eg også her skriv om eit tema eg kan noko om. Etter kvart var avstanden frigjerand­e, seier ho.

at eg har større avstand til det traumet eg opplevde då Daniel vart dårlegare og dårlegare, og at eg difor evnar å forstå og sjå tematikken frå fleire vinklar, seier Nilssen.

Olaug Nilssen fekk sit gjennombro­t med «Få meg på, for faen» (2005), ein humoristis­k roman som mellom anna tek for seg den seksuelle oppvakning­a til 15 år gamle Alma.

P+ og Tore Strømøy

Tidleg i karrieren skreiv ho ofte i ein lett eksperimen­terande stil, som kunne inkludere små og store innfall, og ikkje minst referansar til annan litteratur.

Då ho skreiv «Tung tids tale», skar ho vekk alt som ikkje var naudsynt. Språket hennar endra seg. Ho lurte på om ho nokon gong kunne skrive om noko anna enn det traumet ho sjølv opplevde.

Ho hadde i det heile tatt låg toleranse for tull og tøys, ting som ikkje betydde noko, rein underhaldn­ing og tidsfordri­v.

Olaug Nilssen, forfattar

Eg har kjent på spenninga dei siste vekene. Det har vore vanskeleg å halde ut!

42, og handlar om då Jesus kjem på besøk til søstrene Maria og Marta.

«Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.» Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode luten, og den skal ikkje takast ifrå henne.», står det i verset.

– Eg har tenkt mykje på denne historia. Marta lager mat og ordnar opp, medan Maria sit seg ned og lyttar til Jesus. Ho realiserer seg sjølv, seier Nilssen.

Dei to hovudperso­nane i «Yt etter evne, få etter behov», Lea og Rakel, er nettopp inspirert av de to systrene i Bibelen. Nilssen meiner historia om Marta og Maria er interessan­t med tanke på likestilli­ng, i alle fall om ein ser historisk på det.

Kvar ein sjølvreali­serande Jesus eller Maria er avhengig av at ein person som Marta gjer alt rutinearbe­idet.

– Vekslinga mellom pliktene heime og det å realisere seg sjølv seg har vore ein reell kamp for kvinner. Kampen er jo i utgangspun­ktet vunnen, men i «Yt etter evne, få etter behov» blir dette sett på spissen. Spørsmålet om kven som skal ha ansvar for omsorga for utviklings­hemma Benjamin gjer at omgrep som plikt og fridom dukkar opp igjen, seier Nilssen.

 ??  ?? I Olaug Nilssen sin nye roman, som har fått tittelen «Yt etter evne, få etter behov», utforskar Nilssen den same tematikken som i den djupt personlege «Tung tids tale», men på ein heilt annan måte.
I Olaug Nilssen sin nye roman, som har fått tittelen «Yt etter evne, få etter behov», utforskar Nilssen den same tematikken som i den djupt personlege «Tung tids tale», men på ein heilt annan måte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway