Bergens Tidende

Klimapolit­ikken må skjerpast

Statsbudsj­ettet viser at regjeringa er langt unna å nå sine eigne klimamål.

-

STATSBUDSJ­ETTET VISER AT Noreg slit med å få ned klimautsle­ppa. Utsleppa må halverast innan 2030 for å nå målet Noreg har plikta seg til. Men med dagens politikk vil ikkje målet bli nådd før 2050.

Klimapolit­ikken må difor skjerpast kraftig.

REGJERINGA SVARAR på kritikken med å vise til at utsleppa går rett veg, og at dei vil kome tilbake med nye tiltak seinare i haust. I tillegg er det òg viktige klimatilta­k i budsjettet, ikkje minst 2,7 milliardar i oppstartsl­øyvingar til karbonfang­st og lagring (CCS).

Skal klimautsle­ppa halverast innan 2030, må det likevel hardare lut til.

DEI STØRSTE UTSLEPPA kjem i dag frå oljenæring­a, i hovudsak frå gasskraftv­erk på oljeplattf­ormene. Skal Noreg ha ein sjanse til å halvere utsleppa innan 2030, må plattforme­ne elektrifis­erast.

Men det må skje på ein måte som ikkje går ut over industrien på land. At utvikling av ny fornybar industri på Vestlandet blir hindra av elektrifis­eringa av sokkelen, er uhaldbart. Her bør regjeringa kome tilbake med ei løysing, og det hastar.

EIN ANNAN SEKTOR der tiltaka må skjerpast, er transport. Dette er den tredje største utsleppskj­elda, etter olje og industri.

Mykje av utsleppa er framleis frå personbila­r. Til no har støtta til elbilar tappa staten for inntekter, som andre må betale. Difor er det fornuftig at regjeringa no byrjar ei forsiktig innfasing av avgifter på elbilar, så lenge kostnadene ved for fossildriv­ne bilar blir auka tilsvarand­e.

FOR RESTEN AV transports­ektoren, fly, tungtransp­ort og skipsfart, går det for seint. Både støtte, avgifter og krav bør brukast meir for å forsere skiftet til nullutslep­p. Her ligg det òg store mogeleghei­ter for industrien, ikkje minst på den maritime sida.

Eit døme på at regjeringa gjer for lite, er der ferske vedtaket i Vestland fylke, om å utsetje innføringa av nullutslep­ps hurtigbåta­r til 2028. Dette er eit nasjonalt industriut­viklingspr­osjekt. Staten burde difor ta heile ekstrarekn­inga.

Skal klimautsle­ppa halverast innan 2030, må det hardare lut til.

Å HALVERE KLIMAUTSLE­PPA innan 2030 er ambisiøst. Det vil ikkje bli konfliktfr­itt. Staten kan ikkje finansiere alt. Både industrien og borgarane må difor rekne med å betale meir av rekninga.

Men då er det desto viktigare at både vinsten og kostnadene blir jamt fordelt, både geografisk og sosialt. Viss enkelte grupper, til dømes folk i distrikta, blir sitjande med svarteper, blir det langt vanskelega­re å få gjennom tiltaka som er naudsynt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway