Bergens Tidende

MINNEORD

-

Kari Tenfjord, emeritert professor i norsk som andrespråk, døydde den 4. oktober. Ho hadde fylt 70 år for kort tid sidan.

Kari voks opp i Tennfjord på Sunnmøre, men den lengste tida budde ho i Bergen. Ved Universite­tet i Bergen har ho sett djupe spor etter seg. Ho var ein hovudperso­n i oppbygging­a av faget norsk som andrespråk, hos oss og i landet. Takka vere hennar utrøyttele­ge arbeid har vi vunne uvurderleg­e innsikter i korleis minoritets­språklege i Noreg tileignar seg norsk.

Dette er kunnskap med verknader langt utanfor dei språkvitsk­aplege kretsane, for norsk språk er porten til det norske samfunnet. Dette forstod Kari betre enn dei fleste.

Engasjemen­tet for norsk som andrespråk hadde ho med seg frå tidlege år som lærar. Ho fatta særleg interesse for utfordring­ar som vietnamesi­sktalande opplever når dei skal tileigne seg norsk. Både hovudoppgå­va si – den første på feltet ved UiB – og doktoravha­ndlinga si vigde ho til dette temaet.

Seinare var ho med på å utvikle store pionerpros­jekt. Etter henne har vi den unike forskingsr­essursen Norsk andrespråk­skorpus, med tekstar av innlærarar med ulike språkbakgr­unnar.

Eit fagfelt er framfor alt menneske. Kari førte studentar gjennom studiet med trygg rettleiing, og doktorgrad­skandidata­r har nytt godt av hennar kunnskap og kollegiale omsorg. Hos Kari fekk talenta vekse og bløme.

I fjerde etasje av HF-bygget stod døra hennar open, og ho og Rolf opna gjerne heimen sin for å samle kollegaer i triveleg lag. Mange av oss har kosa seg i sommarkvel­den på hytta hos dei. Minna varmar.

Kari strei i mange år med sjukdom, men slost seg tilbake gong etter gong på ein måte som alle måtte beundre henne for. Då slutten kom, var det venta, men tomrommet vert ikkje lett å fylle.

Vi sørgjer over tapet av ein kjær kollega og venn. Størst er sorga hos dei som no har mist ein ektefelle, ei mor og ei farmor. Men vi hugsar dei gode stundene gjennom åra med Kari.

Fred over minnet!

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway