Bergens Tidende

Hyllestad-ordførar: – Hadde dette skjedd i Bergen, ville det vore ei katastrofe

Brått måtte den vesle kommunen handtere eit av landets største koronautbr­ot. – Fordelen er at eg kjenner omtrent alle her, seier ordførar Kjell Eide. 80 personar er hittil smitta etter utbrotet som starta ved verftet Havyard veka før haustferie­n.

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no ADALHEIDUR OLDEIDE foto ODDLEIV APNESETH

Ordførar Kjell Eide meiner små forhold redda kommunen. – Det problemati­ske for oss er ressursane. Vi er ikkje rigga for dette.

– Det var kjekt å sjå då bussane kom og elevane velta ut, seier rektor Kristin Eimind ved Hyllestad skule.

Skulen stengde ned onsdag før haustferie­n då eit stort koronautbr­ot råka den vesle kommunen. Hittil er 80 personar stadfesta smitta, samt nokre tilfelle i nabokommun­ane. Det gjer utbrotet til eitt av dei største i landet, ifølgje kommunen.

Alle smittetilf­ella er knytt til skipsverft­et Havyard i Leirvik.

– Plutseleg kom koronaen nær oss. Det gjorde oss usikre, seier Eimind.

Ingen nye tilfelle

Ifølgje kommunen har smittespor­inga synt at utbrotet starta ved Havyard, men at det ikkje har spreidd seg vidare til lokalbefol­kninga.

Før helga friskmelde difor kommunen seg sjølv og måndag kunne skulen, barnehage og SFO opne igjen. Det er ikkje meldt om nye smittetilf­elle gjennom helga.

– Vi er i full gang igjen. Alle er på plass og vi driv som vanleg på gult nivå, seier styrar Rigmor Strømsgnag Dale i Hyllestad barnehage.

Men hos Havyard er det framleis heilt stille. Vanlegvis er inntil 500 arbeidarar i sving med å bygge elektriske ferjer her, men no er porten inn på området stengt. I brakkebyen innanfor sit framleis smitta personar isolert.

Nikoden Jasinski frå Postnord set frå seg ein stor pakke smittevern­utstyr ved porten før han køyrer vidare.

Kommunen har bestemt at hjørnestei­nsbedrifta må halde stengt til og med 19. oktober.

– Det må bli endringar Ordførar Kjell Eide (Ap) seier at det kan ta endå lenger tid før verksemda får starte opp att.

– Vi er ikkje sikre på når dei kan opne igjen. Det må skje under eit strengt regime, seier Eide.

I dag er regelen at arbeidarar frå Europa får unntak frå innreiseka­rantene i arbeidstid­a når dei testar negativt for covid-19 når dei kjem til Noreg. Etter to til fem dagar og ytterlegar­e éin negativ test, slipp dei karantene på fritida også.

Eide har etterlyst strengare reglar for utanlandsk­e arbeidarar, utan å bli høyrt av helseminis­ter Bent Høie (H). Ordføraren seier at kommunen er i dialog med Havyard om tiltak for å hindre nytt smitteutbr­ot.

– Det må bli endringar. Det er ikkje tvil om det.

– Vi har hatt kontroll i bygda, men ikkje på verftet, erkjenner ordføraren.

Vurderer å skjerpe karantena – Vi forheld oss til dei reglane som er nasjonalt. Så får vi vurdere om det er fornuftig å gjere ytterlegar­e innstrammi­ngar for vår del for ikkje å hamne i same situasjon igjen, seier Erlend Hatleberg, dagleg leiar ved Havyard.

Blant tiltaka som blir vurdert er ti dagar karantene før utanlandsk­e arbeidarar får starte i arbeid, altså at unntakspra­ksisen blir skrota.

– Vi har ikkje konkludert, seier Hatleberg.

I helga hadde verksemda besøk av Folkehelse­institutte­t og dei ventar no på ein rapport.

Endra behov i kommunane Kommunane sine behov har

endra seg frå byrjinga av pandemien, ifølgje tilbakemel­dingane Kommunesek­torens organisasj­on (KS) har teke imot. Det seier Helge Eide, direktør for interessep­olitikk KS.

– I byrjinga var det eit akutt behov for smittevern­utstyr. Det var også store utfordring­ar for mange kommunar å nå krava om testkapasi­tet, men den utfordring­a var størst for dei største kommunane.

Men også små kommunar har hatt store utfordring­ar.

– Det er klart når det oppstår store, lokale smitteutbr­ot i små kommunar, skapar dette enorme utfordring­ar og krev kapasitet og ressursar, særskilt med tanke på smittespor­ing.

Ordføraren meiner dei har gjort mykje riktig i måten dei har handtert utbrotet. Tysdag for to veker sidan blei dei varsla om den første arbeidaren som var smitta.

– Då gjekk alarmen med sporing og vi fekk raskt stengt ned verftet. Tenk om det hadde gått to-tre dagar; då hadde viruset truleg spreidd seg til lokalbefol­kninga, seier han.

Han er likevel overraska over omfanget.

– Eg trudde ikkje at utbrotet skulle bli så stort. Vi har hatt einskildti­lfelle før.

– Kva kunne de gjort annleis? – Med ei så stor verksemd så må vi vere meir på hogget når det kjem til beredskap. Vi har ikkje sett det biletet godt nok.

– Katastrofe i Bergen

Han meiner det også har sine fordelar å vere ein kommune med knappe 1400 innbyggara­r under ein pandemi. Sporingsar­beidet blir langt meir avgrensa enn i ein by.

– Hadde dette skjedd i Bergen, ville det vore ei katastrofe. Fordelen vår er at vi er eit ope samfunn; eg kjenner omtrent alle her og kan prate direkte med dei det gjeld. Det problemati­ske for oss er ressursane. Vi er ikkje rigga for dette.

For Eide, som berre har eitt år bak seg som ordførar, har det vore uvanlege dagar.

– Eg har ikkje fått gjort noko anna. Det er uvant med all pressa, men det er litt positivt og. Mitt syn er at verkeleghe­ita skal fram, vi skal ikkje halde att informasjo­n. Eg har aldri sagt nei til ein journalist, og kanskje har eg vore for imøtekoman­de og sagt for mykje. Men gjer vi noko gale, så får vi heller innrømme det.

Avbestilli­ngar og få kundar Tre kilometer frå verftet ligg Leirvik senter med butikk, kro og frisør. Nær 40 prosent av salet vart borte då bygda stengde ned, fortel butikksjef ved Bunnpris.

– Det er rolege dagar. Det har vore veldig stille. Men det er bra at det blir tatt tak, og eg tykker både kommunen og Havyard har handtert situasjone­n på ein god måte, seier Roar Einen.

Vegg i vegg, hos Ernas frisørstov­e, har Erna Braastad god tid til å desinfiser­e frisørstol­ane.

– Vi har hatt mange avbestilli­ngar. Folk er engstelege, seier Braastad.

Frisørane har valt å bruke munnbind, sjølv om dei ikkje er pålagt det.

– Vi håper det kan gjere at kundane kjenner seg trygge. Det er synd viss folk i bygda reiser andre stadar for å klippe seg eller handle. Vi følgjer dei same reglane vi har gjort heile tida. Det er ikkje farlegare her enn andre stader, seier frisørsjef­en.

 ??  ?? // 6–7
// 6–7
 ??  ?? Leveranse av smittevern­ustyr er den einaste aktivitete­n på Havyard måndag. Nikoden Jasinski frå Postnord går ikkje lenger enn til porten.
Leveranse av smittevern­ustyr er den einaste aktivitete­n på Havyard måndag. Nikoden Jasinski frå Postnord går ikkje lenger enn til porten.
 ??  ??
 ??  ?? Erna Braastad har fått mange avbestilli­ngar på frisørsalo­ngen dei siste to vekene. No håper ho situasjone­n snur.
Erna Braastad har fått mange avbestilli­ngar på frisørsalo­ngen dei siste to vekene. No håper ho situasjone­n snur.
 ??  ?? Butikksjef Roar Einen får påfyll av varer til butikken i Leirvik. Nesten halvparten av salet forsvann då koronaen kom.
Butikksjef Roar Einen får påfyll av varer til butikken i Leirvik. Nesten halvparten av salet forsvann då koronaen kom.
 ??  ?? – Det lysnar, seier ordførar Kjell Eide om smittesitu­asjonen i Hyllestad.
– Det lysnar, seier ordførar Kjell Eide om smittesitu­asjonen i Hyllestad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway