Bergens Tidende

KAN IKKJE VARE: Midt i den verste økonomiske krisa etter krigen, er det børsfest for alle selskap som luktar av klimaløysi­ngar.

Alle aksjar som luktar grønt har gått rett til himmels. Det kan ikkje vare.

-

MIDT I DEN VERSTE økonomiske krisa etter krigen er det børsfest for alle selskap som luktar av klimaløysi­ngar. Kjell Inge Røkke har tent fleire milliardar etter han i august skilde ut havvind- og karbonfang­stdelane av Aker Solutions i to eigne selskap. Den samla børsverdie­n for dei tre selskapa har auka frå rundt 2,5 til 11 milliardar kroner.

Vesle Aker Offshore Wind er no verdt meir enn Aker Solutions, med 13.000 tilsette i 20 land.

Eit anna døme på fornybarbo­omen er Quantafuel, som skal lage drivstoff og nye plastposar av plastavfal­l. Der er aksjen verdt tre gongar meir enn han var i slutten av juli.

Båe selskapa er notert på Oslo Børs sitt nye lågterskel­tilbod, Merkur Market. Dei har fått følgje av så mange nye fornybarse­lskap, at Oslo er i ferd med å bli fornybarho­vudstaden i Europa.

MYKJE AV PENGANE går til selskap som knapt tener pengar. Quantafuel har til dømes ikkje tent ei krone enno. Likevel er selskapet no prisa til 8,5 milliardar kroner .

høge aksjekurse­n er eit veddemål om at selskapet vil tene store pengar i framtida. Potensiale­t er enormt. Klarer selskapet å finne ei løysing på resirkuler­ing av plast, kan dei bli ein global vinnar i ein milliardma­rknad.

Så lenge ikkje eit anna selskap klarer å ta marknaden først, rett nok. Store selskap som Shell, Esso og Veolia er òg på ballen.

BÅDE QUANTAFUEL OG MANGE andre grøne selskap er avhengige av at verdas politikara­r fører ein langt meir aktiv klimapolit­ikk framover. Quantafuel er til dømes avhengig av forbod mot eller avgifter på kasting eller brenning av plast. Eller subsidier.

Og det er akkurat det investoran­e satsar på: at klimapolit­ikken blir skjerpa kraftig i åra som kjem. For å nå måla i Parisavtal­en må klimautsle­ppa halverast innan 2030 og ned mot null i 2050.

Noreg har plikta seg til det. EU har plikta seg til 40 prosent kutt, men ligg no an til å auke ambisjonen til 55–60 prosent, etter vedtak i EU-kommisjone­n og EU-parlamente­t. Kina lova nyleg å bli karbonnøyt­ralt innan 2060, og Joe Biden har lova ei massiv fornybarsa­tsing viss han vinn presidentv­alet i USA.

SER EIN PÅ INNTENINGA ser sjølvsagt mange av fornybarak­sjane grovt overprisa ut. Akkurat som at dei fleste aksjar som luktar av olje ser billige ut.

Men det å setje pengane på at klimapolit­ikken ikkje blir strengare framover er mildt sagt risikofylt. Dei meir radikale klimamåla blir pressa fram av ein stadig meir utolmodig opinion.

Stadig meir ekstremvêr har fjerna noko av tvilen hjå folk om klimaendri­ngane er reelle. Og er du først overtydd om at forskarane har rett, er deira spådommar om utviklinga vidare skremmande. Det skaper krav om politiske tiltak.

MEN DET ER ÒG TO andre årsaker til den grøne børsboomen: For det første fløymer verda over av billige pengar. Låge renter, høg internasjo­nal sparing og mager vekst gjer at mange leitar etter avkasting. Då er dei viljuge til å ta risiko.

For det andre har stadig fleire og stadig større investorfo­nd pålagt seg sjølv å investere ein viss del av pengane i grøne aksjar. Dels handlar det om kvar ein trur veksten vil kome i framtida, men det handlar òg om opplyst eigeninter­esse:

Både store og små kapitalist­ar har blitt meir opptatt av omdømet. Det handlar ikkje berre om at dei er redde for å investere i bedrifter som øydelegg klimaet, men òg dei som undergrev menneskere­ttar, bidreg til korrupsjon og så vidare.

Samfunnsan­svar, som på stammesprå­ket går under nemninga ESG (Enviroment, Social and Governance), er rett og slett på moten i finanskrin­sar.

Når pengane sit så laust som no, er ein del dømde til å gå til selskap som floppar. Men dei som lykkast kan til gjengjeld gjere det svært godt.

MEN SÅ MYKJE PENGAR som no blir pøst inn i grøne aksjar er nokon likevel dømt til å tape.

Investerin­gsdirektør Robert Næss i Nordea samanlikna­r no det som skjer med den såkalla dot-com-bobla som nådde toppen i mars 2000: Alle selskap som dreiv med noko på internett vart prisa skyhøgt, før bobla sprakk.

Men sjølv om prisinga for mange selskap var meiningsla­ust høg, var analysen av framtida rett: Internett ville skape enorme verdiar for selskapa som vart vinnarar. Problemet er berre at det ikkje er lett å vite kven som lykkast.

Slik vil det vere i den grøne boomen òg. Når pengane sit så laust som no, er ein del dømde til å gå til selskap som floppar. Men dei som lykkast kan til gjengjeld gjere det svært godt.

 ?? FOTO: TERJE PEDERSEN / NTB ?? Kjell Inge Røkke skilde ut havvind og karbonfang­st frå Aker Solutions, og tente milliardar. Ein del grøne selskap er nok overprisa, men akkurat som under dot.com-bobla er den underligga­nde analysen rett: Det er grøn teknologi som er framtida, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: TERJE PEDERSEN / NTB Kjell Inge Røkke skilde ut havvind og karbonfang­st frå Aker Solutions, og tente milliardar. Ein del grøne selskap er nok overprisa, men akkurat som under dot.com-bobla er den underligga­nde analysen rett: Det er grøn teknologi som er framtida, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ?? Hans K. Mjelva Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no ??
Hans K. Mjelva Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway