Bergens Tidende

Barn treng in­for­ma­sjon om kva sek­su­el­le over­grep er

Man­ge barn veit ikkje kva vaks­ne ikkje har lov til, og dei kan tru at det dei opp­le­ver, er nor­malt.

- MA­RI­ANN ENOKSEN Pro­sjekt­ko­or­di­na­tor og helse­sjuke­plei­ar, Etat for barn og fa­mi­lie

EI MOR FORTALDE i BT 3. ok­to­ber at ho rea­ger­te på un­der­vis­nings­opp­leg­get sku­len had­de hatt om sek­su­el­le over­grep i vår. Ho fryk­ta at det skrem­te bar­na.

Føre­byg­ging og av­dek­king av sek­su­el­le over­grep er vik­tig, for­di kon­se­kven­sa­ne kan ve­ra al­vor­le­ge.

VED Å AR­BEI­DE syste­ma­tisk i barne­ha­gar og sku­lar slik at alle barn får in­for­ma­sjon om sek­su­el­le over­grep, kan vi hjel­pe flei­re til å for­stå at det dei opp­le­ver er gale, og gje dei mo­ge­leg­hei­ta til å for­tel­je om det.

Flei­re un­der­sø­kin­gar har vist at det ofte går lang tid før barn for­tel om over­grep. No­kre vert vaks­ne før dei for­tel, og and­re for­tel kan­skje ikkje i det hei­le.

MAN­GE BARN VEIT ikkje kva vaks­ne ikkje har lov til, og kan tru at det dei opp­le­ver er nor­malt. No­kre kan ten­kje at det ikkje er over­grep, dersom det skjer i fa­mi­li­en.

Dersom ein ikkje veit at noko er gale, kor­leis for­tel­je om det? Barn kan ten­kje at det er noko feil med dei, og kjen­ne seg unor­ma­le. No­kre kjen­ner på skuld for at det skjer.

Man­ge opp­le­ver å bli tru­ga el­ler skrem­de av den som ut­fø­rer over­gre­pa, og to­rer ikkje for­tel­je.

FORANDRING­SFABRIKKEN har snak­ka med barn i Noreg som har opp­levd vald og sek­su­el­le over­grep, om kva som trengst for å få barn til å for­tel­je. Bar­na dei snak­ka med, mein­te det var vik­tig å vite kva sek­su­el­le over­grep er, og kor­leis ein kan for­tel­je.

Det er let­ta­re å for­tel­je til vaks­ne med eit godt barne­syn, og som vi­ser men­neske­var­me.

Bar­na sa vaks­ne må tru på barn, og at barn treng å bli tryg­ga på at det er trygt å for­tel­je. Dei ønsk­te at vaks­ne lyt­tar og spør for å for­stå. Bar­na ønsk­te også ær­lege og di­rek­te vaks­ne.

NÅR EIN SKAL un­der­vi­se om sek­su­el­le over­grep, må ein gje­re det på ein måte som er trygg for barn. Eg trur ikkje dei fles­te barn blir red­de og skrem­te av å lære om sek­su­el­le over­grep, dersom det blir for­mid­la på ein trygg måte, der bar­na får stil­le spørs­mål og får klo­ke svar.

Det er vik­tig at den som un­der­vi­ser, er trygg på å un­der­vi­se om te­ma­et, har kom­pe­tan­se på å av­dek­ke over­grep og føl­gjer med på bar­na un­der­vegs i un­der­vis­nin­ga og etter.

FRÅ SKULEÅRET 2021/22 skal vi i Etat for barn og fa­mi­lie un­der­vi­se alle ele­var på sjet­te trinn i Ber­gen kom­mu­ne om kva sek­su­el­le over­grep er. Gjen­nom opp­læ­ring og dis­ku­sjon med SMISO (Sen­ter mot in­cest og over­grep) føre­bur vi oss på kor­leis vi kan un­der­vi­se på ein trygg og god måte, som for­hå­pent­leg­vis kan bi­dra til å be­skyt­te flei­re barn.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway