Bergens Tidende

Jente skal ha blitt dratt inn i skogen: – Heilt sjukt

-

Lokalsamfu­nnet på Varden er skremt etter at ei jente i barneskule­alder skal ha blitt dratt inn i skogen og forsøkt avkledd.

ingvild.nave@bt.no foto

Politiet melde tysdag ettermidda­g at dei etterforsk­ar angrepet mot den unge jenta.

Personen som skal ha dratt henne inn i skogen skal ha vore vaksen, og forsøkt å kle av jenta. Ho skal ha klart å kome seg laus, og stukke av frå vedkomande.

– Det er skikkeleg skremmande, seier Rebekka DømbeVatne­lid.

Ho bur i området, og har tre born mellom 9 og 13 år. På grunn av skule og trening er dei tre barna i området der jenta skal ha blitt angripen i området neste kvar dag.

– Eg kjem til å ta ein prat med dei om korleis ein skal takle framande som tek kontakt, men vi kan ikkje fotfølgje dei overalt heile tider heller, seier ho.

Har aldri vore bekymra Politiet har førebels ikkje gått ut med noko signalemen­t på mannen. Angrepet skal ha skjedd mellom klokka 14 og 16 onsdag 7. oktober.

Politiet har bedt om å kome i kontakt med alle som var i området på det aktuelle tidspunkte­t, og gjekk tysdag frå dør til dør i området.

– Vi har fått inn ein god del tips. Det er fleire som har ringt til oss med tips som vi kjem til å følge opp, seier politiinsp­ektør Tore Salvesen.

Dømbe-Vatnelid fortel at ho aldri har vore bekymra for å la barna gå aleine i området før no.

– Det er mykje folk her stort sett alltid. No bør vi nok unngå at born går aleine, seier ho.

19-åringane Kaja Rødseth, Sofie Wiik, Julie Wiik og Matilde Bergset har alle vakse opp i området. Dei fortel at dei har følt seg trygge på Varden gjennom heile oppveksten.

– Då eg leste det i dag, blei eg sjokkert. Vi har budd her heile livet og aldri høyrt om noko slikt før, seier Rødseth.

– Vi blei overraska. Det er heilt sjukt at nokon er i stand til det, seier Bergset.

Kjem til å vere meir obs

For første gong kjem jentene no til å ta litt ekstra forholdsre­glar når dei går på stien gjennom skogen.

– Ja, vi kjem nok til å vere litt meir obs og forsiktige, seier Sofie Wiik.

Også Anne Helene Skogland, som var ute og gjekk tur i området tysdag ettermidda­g, fortel at ho ofte går den same strekninga som den unge jenta.

– Det er trist dersom dette har skjedd. Dette er noko man berre les om. Det skal jo ikkje skje, seier ho.

Ho fortel at det til vanleg er mykje folk i området, både syklande og gåande.

– Dette er eit vanleg, roleg område og eg har inntrykk av at det er eit fint miljø takka vere idrettsanl­egget bak, fortel ho.

 ??  ?? Frå v. Kaja Rødseth, Sofie Wiik, Julie Wiik og Matilde Bergset er alle vaksne opp i området. Dei har følt seg trygge heile oppveksten, og blei sjokkert då dei høyrde om hendinga.
Frå v. Kaja Rødseth, Sofie Wiik, Julie Wiik og Matilde Bergset er alle vaksne opp i området. Dei har følt seg trygge heile oppveksten, og blei sjokkert då dei høyrde om hendinga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway