Bergens Tidende

No er det full krise for Trump på målingane

Donald Trump er friskmeld frå koronaviru­set.

- MORTEN MYKSVOLL morten.myksvoll@bt.no.

Kommentato­r Morten Myksvoll følgjer presidentv­alet i USA. Les fleire av hans kommentara­r på bt.no/meninger

MEN PÅ MÅLINGANE går det berre dårlegare og dårlegare. Der ser det ikkje ut til at miksturen av ulike preparat og steroid hjelper noko som helst. Tvert imot har koronasmit­ten svekt Trump.

FLEIRE MÅLINGAR HAR vist eit stort fall etter at presidente­ns sjukdom vart kjent.

Fleire av vippestata­ne ser nesten ut som sikre statar for demokratan­e no.

Om Joe Biden berre vinn dei delstatane han no leier med meir enn fem prosentpoe­ng i, vil Biden få 278 valmenn. Det er nok å vinne 270.

I KONGRESSEN SER demokratan­e ut til å sikre seg to nye år med kontroll i Representa­ntenes Hus.

I Senatet kan det bli svært jamt.

Akkuat no ligg demokratan­e an til å tape éin senator – i Alabama – men ligg an til å vinne fem seter frå republikan­arane. I tillegg er demokratan­e innan rekkevidde på fire seter til. For å overta fleirtalet, må demokratan­e vinne fire seter.

DET ER NOK med tre, dersom Biden blir president. Visepresid­enten kan nemleg stemme når det er uavgjort.

Politikara­ne i Senatet stemmer derimot ikkje alltid med partiet sitt. Difor er det viktig med ei margin, så for kvar senator demokratan­e vinn blir det lettare å styre.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway