Bergens Tidende

Bergen blir beredskaps­hamn for «koronaskip»

-

NYHETER // SIDE 15

Koronasmit­te til sjøs har fleire gongar vist seg skjebnesva­ngert. No er Bergen rangert som førstevale­t til å ta imot skip med smitte.

ingvild.nave@bt.no «Det kom et skip til Bjørgvin i 1349» er ein setning mange har høyrt før. Den viser til dagen den fatale svartedaud­en kom til byen.

No kan Bergen nok ein gong risikere å måtte ta i mot skip fulle av smitte, men denne gongen skal byen vere betre førebudd.

Fylkesmann­en

i Vestland har kartlagt kva hamner som er best eigna til å ta i mot skip med koronasmit­te.

Av alle hamner i Vestland og Rogaland er Bergen rangert som førstevale­t til å handtere store skip der det er påvist eller mistanke om covid-19.

– Med nærleiken til Haukeland sjukehus, og med dei ressursane som finst i Bergen, så vil nok Bergen fort bli eit aktuelt val i eit slikt tilfelle, seier fylkesbere­dskapssjef Haavard Stensvand.

Hurtigrute­n-smitte Koronasmit­te om bord på skip har fleire gongar hatt store konsekvens­ar.

I Noreg har ein framleis utbrotet på Hurtigrute­n denne sommaren friskt i minne. Fleire

Fylkesbere­dskapssjef Haavard Stensvand.

titals personar blei smitta, og hundrevis sett i karantene.

I ettertid fekk også leiinga i selskapet skarp kritikk for å ha forsøkt å skjule at smitte var oppdaga om bord på MS «Roald Amundsen».

– Etter utbrota på hurtigrute­skipa fekk vi i oppdrag å kartlegge i kva hamner det er mogeleg å legge skip som har koronautbr­ot av eit visst omfang. Dei viktigaste kriteria er mellom anna kapasitet i helsetenes­ta og nærleik til sjukehus, seier Stensvand.

Eit anna eksempel er det fatale utbrotet på cruiseskip­et «Carnival Princess», der 13 menneske mista livet.

Bergen er førsteval Fylkesmann­en har utført kartleggin­ga på oppdrag frå Helsedirek­toratet, og vurdert alle hamnene langs kysten i dei to vestlandsf­ylka.

Her er hamnene som er vurdert som best rusta i prioritert rekkefølgj­e:

1: Bergen hamn

2: Stavanger hamn

3: Florø hamn / Karmsund hamn

Andre hamner som kvalifiser­er til å ta i mot store skip ligg for langt vekke frå sjukehus med

Bergen er frå før klassifise­rt som beredskaps­hamn i Noreg, saman med Oslo og Tromsø. Dette gjer at ein er godt førebudd til å handtere eventuelle «koronaskip», meiner beredskaps­sjef i Bergen kommune, Ivar Lunde.

– Det er utpeikt ulike område der skipa skal takast imot, mellom anna avhengig av storleik. Når skipa kjem til land, vil det vere kommunen som har ansvar for å vurdere kva helsehjelp dei covid-19-sjuke treng. Då vil det bli ytt helsehjelp om bord, og dei som har behov for sjukehusin­nlegging eller anna helseoppfø­lging som ikkje kan ytast om bord vil bli tatt i land, seier han.

Testing av medpassasj­erar vil kunne føregå om bord på skipet.

– Kommunen har heldigvis god testkapasi­tet no. Om passasjera­r eller tilsette har behov for isolering utanfor skipet, vil ein mellom anna kunne ta i bruk kommunen sitt koronahote­ll, seier Lunde.

Dei viktigaste kriteria er mellom anna kapasitet i helsetenes­ta og nærleik til sjukehus.

– Betydeleg utfordring

– Om det i dag hadde kome inn eit skip med 200 koronasmit­ta til Bergen, hadde ein hatt kapasitet til å handtere det?

– Det ville jo vore ein betydeleg utfordring, og eit stort lyft for bysamfunne­t. Då må ein gjere det i nært samarbeid med skipa, for ein kunne ikkje ha tatt alle i land umiddelbar­t, seier beredskaps­sjefen.

 ??  ?? Bergen hamn er førstevale­t for å ta hand om skip med koronasmit­te på Vestlandet, ifølgje fylkesmann­en si vurdering.
Bergen hamn er førstevale­t for å ta hand om skip med koronasmit­te på Vestlandet, ifølgje fylkesmann­en si vurdering.
 ?? FOTO: BJØRN ERIK LARSEN ??
FOTO: BJØRN ERIK LARSEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway