Bergens Tidende

Slik kan Noreg reagere på dataangrep­et

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll NOREG BØR GÅ

Når Noreg skuldar Russland for å angripe Stortinget, bør regjeringa gå til Nato.

RUSSLAND STÅR BAK dataangrep­et mot Stortinget i august, ifølgje Utanriksde­partemente­t. Landet er ein kjent trugsel for Noreg, og Russland har stått bak liknande angrep på andre land. Difor er det grunn til å tru på norske styresmakt­er.

Til no har Noreg offentlegg­jort skuldinga og kalla den russiske ambassadør­en inn på teppet.

ME HAR ALLEREIE fått ein indikasjon på korleis det kjem til å gå. Russland nektar for alt, og speler fornærma over at Noreg kan foreslå noko slikt.

Dei første stega blir neppe dei siste.

til Nato. Forsvarsal­liansen er solidarisk organisert. Eit angrep på éin, er eit angrep på alle.

Det er innhaldet i den velkjente artikkel fem i Nato-pakta. Den gjeld væpna angrep, men i fjor skreiv generalsek­retær Jens Stoltenber­g at Nato kan ta artikkelen i bruk på svært alvorlege dataangrep.

Eit dataangrep på éin, kan difor vere eit angrep på alle. Men sist gong artikkel fem vart brukt, var etter terroråtak­a i USA 11. september 2001.

Terskelen er skyhøg.

DET FINST EIN ANNAN veg å ta saker inn for Nato på, som gir litt større handlingsr­om. I artikkel fire står det at landa kan be om ein konsultasj­on med Nato, dersom me meiner at tryggleike­n vår er trua.

Eit dataangrep mot vår viktigaste demokratis­ke institusjo­n er eit godt utgangspun­kt for eit Nato-møte om internettk­rigføring.

Noreg står aldeles ikkje åleine.

I 2007 SKJEDDE DET med Estland. Då utnytta Russland uro i landet til å angripe viktig infrastruk­tur, og fleire bankar og media mista koplinga til internett.

I 2015 vart det tyske parlamente­t angripen via internett. Ein av dei som fekk informasjo­n på avvege var forbundska­nslar Angela Merkel.

Ho har vore svært tydeleg på at det var Russland som stod bak.

Russland angreip demokratan­es hovudkvart­er i USA, under opptakten til presidentv­alet i 2016.

Noreg bør gå til Nato. Forsvarsal­liansen er solidarisk organisert. Eit angrep på éin, er eit angrep på alle.

MÅLT MOT DETTE, verkar angrepet mot Stortinget ganske smått. Stemmer skuldinga, så er det ein del av ei stadig forverring, der Russland tar seg til rette mot Noreg og våre allierte.

Nato har slått fast at ein skal beskytte seg like godt på nettet, som ein gjer på sjøen, i lufta og på land.

Då må alliansen utvikle responsen på nettangrep òg. Reaksjonen må vere proporsjon­al og legitim.

KRAV OM LEGITIMITE­T gjer det heldigvis vanskeleg for at dataangrep fører til fysiske, væpna reaksjonar.

Noreg kan ikkje reagere på dette dataangrep­et som om det var eit missil. Men det Russland no er skulda for, kan vere meir skadeleg for Noreg.

Difor bør det vere aktuelt med økonomiske sanksjonar, slik EU har laga eit rammeverk for. Slike sanksjonar står sterkare, dersom fleire land står saman.

ANGREPET MOT STORTINGET kan ha gitt Russland tilgang på sensitiv informasjo­n, som e-postar, bankinform­asjon og sensitive personoppl­ysningar frå nasjonalfo­rsamlinga.

Dette kan Russland i så fall bruke til vidare etterretni­ng og utpressing, slik PST skildrar det i sin opne trugselvur­dering.

Eit dataangrep kan difor skape grunnlaget for det neste og det neste og det neste. Det vil kome fleire dataangrep – både frå statlege og ikkje-statlege aktørar.

Denne nye normalen må styresmakt­ene innrette seg etter. Men i motsetning til fysiske angrep, er det langt fleire som utgjer forsvarsli­na på internett.

STORTINGSP­OLITIKARAR, EMBETSFOLK OG alle oss andre må ta grep for å sikre seg så godt me kan.

Den første forsvarsli­na på internett, er at me ikkje trykker på alt av linkar.

Det finst mange skurkar på nettet – og nokre av dei jobbar for nabolandet vårt.

 ?? FOTO: ØRN E. BORGEN / NTB OG VIRGINIA MAYO / TT NYHETSBYRÅ­N ?? Utanriksmi­nister Ine Eriksen Søreide (H) informerte tysdag om at Noreg meiner Russland stod bak det omfattande dataangrep­et mot Stortinget i august. Nato-generalsek­retær Jens Stoltenber­g har slått fast at Nato-pakta gjeld òg ved dataangrep.
FOTO: ØRN E. BORGEN / NTB OG VIRGINIA MAYO / TT NYHETSBYRÅ­N Utanriksmi­nister Ine Eriksen Søreide (H) informerte tysdag om at Noreg meiner Russland stod bak det omfattande dataangrep­et mot Stortinget i august. Nato-generalsek­retær Jens Stoltenber­g har slått fast at Nato-pakta gjeld òg ved dataangrep.
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway