Bergens Tidende

– Det mest kjenslelad­de oppdraget eg har hatt

-

Den sakna Christoffe­r Lysne Elgåen (29) jobba i brannvesen­et i Aurland. – Det er veldig spesielt for oss at vi leiter etter han, seier brannsjef Reinhardt Sørensen.

malfrid.bordvik@bt.no

– Det er mykje meir kjensler med dette enn andre oppdrag eg har hatt gjennom 20 år i brannvesen­et, seier Reinhardt Sørensen, teknisk sjef og brannsjef i Aurland kommune.

Sidan måndag morgon har store leitemanns­kap leita etter 29 år gamle Christoffe­r Lysne Elgåen, som blei meldt sakna av familien.

– Veldig sosial

Elgåen var ute med kameratar fredag kveld og sidan har ingen hatt kontakt med han. Måndag kveld varsla politiet at søket gjekk over i ein ny fase der ein leitar etter antatt omkomen person.

Sørensen har hatt kontor ved sidan av Elgåen på Rådhuset i tillegg til at dei jobba saman i brannkorps­et.

– Det er veldig spesielt for oss alle at vi leiter etter han. Vi har ein jobb å gjere for å finne han, men det er mange tankar som svingar rundt. Vi tenkjer spesielt på familien, seier Sørensen, som først blei intervjua av Sogn Avis.

Han skildrar den sakna som svært sosial.

– Christoffe­r speler i to band og er godt likt av ungdomen. Alle i Aurlandssa­mfunnet kjende han.

– Enormt kor folk stiller opp Onsdag ettermidda­g deltok 42 personar og 17 båtar i søket gjennom Røde Kors og brannvesen­et.

– Det er enormt kor folk stiller opp. Vi søkjer også med drone på land og i sjøen. Målet vårt er å finne han, seier Sørensen.

Søket gjekk føre seg både i Aurlandsfj­orden og Nerøyfjord­en. Onsdag kveld venta dei på ein ubåt som skal bidra i søket.

Søkinga kjem til å halde fram med uendra styrke torsdag, ifølgje brannsjefe­n.

Takkar for innsatsen

Også fleire familiemed­lemar til den sakna er tilsett i Aurland kommune. Ordføraren har dagleg kontakt med familien.

– Familien har det sjølvsagt tungt, men det går etter forholda bra, sjølv om det varierer frå time til time, seier Trygve Skjerdal.

Far til den sakna har bedt han vidareform­idle følgjande:

– Familien uttrykker at dei er veldig takksame for den innsatsen som lokalsamfu­nnet bidreg med. Dei set stor pris på støtta og oppfølging­a frå kommunen, brannvesen, politi og alle involverte.

Rådhuset haldt ope onsdag frå klokka 19 for dei som ville samlast.

– Vi riggar oss for å ta imot dei som ønskjer å sitje ned og snakke litt, seier ordføraren, som sjølv vil delta.

– Christoffe­r jobba på Rådhuset og eg kjende han nokså godt, også før det. Christoffe­r var ein kjekk, ung mann.

Ordføraren skildrar han som arbeidsam, hyggeleg, open og med godt humør.

– Eg har berre gode ting å seie om han. Han var ein flott ungdom.

Ønskjer tips

Politiet har gjort funn som tyder på at 29-åringen har falt ned medan han gjekk langs vegen.

Politiet ønskjer difor kontakt med bilistar som har køyrt Skjerdalsv­egen mellom Skjerdal og Aurland i tidsrommet frå midnatt fredag til laurdag morgon. Dei som har informasjo­n blir bedt om å ringe lensmannsk­ontoret i Aurland.

 ?? FOTO: ARNE VEUM ?? Biletet viser ein av båtane som deltok i søket etter 29 år gamle Christoffe­r Lysne Elgåen.
FOTO: ARNE VEUM Biletet viser ein av båtane som deltok i søket etter 29 år gamle Christoffe­r Lysne Elgåen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway