Bergens Tidende

Navarsete: – Utriveleg og uverkeleg å bli angripen av Russland

-

– Eg er ikkje overraska, seier Navarsete om at Russland er utpeika som hovudmiste­nkt etter ITangrepet på Stortinget i august.

ingvild.nave@bt.no

24. august i år kunne Liv Signe Navarsete (Sp) plutseleg ikkje

logge inn på e-postkontoe­n sin.

Måtte halde hemmeleg

– Eg kom rett og slett ikkje inn. Allereie då visste dei på Stortinget at det var snakk om eit angrep. Eg måtte slå meg til ro med å vere utan e-post og halde tett, fortel Navarsete.

I rundt ei veke måtte Navarsete halde angrepet mot henne hemmeleg. Først 1. september blei det omfattande angrepet mot Noregs øvste demokratis­ke institusjo­n offentleg kjent.

Då viste det seg at ei rekke folkevalde og tilsette ved Stortinget hadde opplevd det same. Som følgje av angrepet kan private opplysning­ar om ei rekke stortingsr­epresentan­tar ha kome på avvege.

Tysdag peika utanriksmi­nister Ine Eriksen Søreide (H) på Russland som den hovudmiste­nkte, og kom med klar beskjed til vår nabo i aust om at det er uakseptabe­lt.

Innan kort tid kom Russland med sitt svar gjennom det russiske nyhendebyr­ået Tass. Dei seier skuldingan­e frå Noreg er grunnlause og nektar for at dei står bak.

– Det er vel som forventa, seier Navarsete om Russland sitt svar, men ho har inga tru på at dei snakkar sant.

– Eg har stor tillit til våre tenester som har granska dette. Dei har nok ikkje latt vår utanriksmi­nister gå ut, dersom dei ikkje var heilt sikker i si sak.

– Ei tydeleg melding Navarsete er nøgd med at utanriksmi­nisteren har vore klar i sin kommunikas­jon mot stormakta.

– Ja, eg meiner dette er ei tydeleg melding til Moskva. Ho er direkte og open, og det er det som er viktig. Det er uakseptabe­lt at vår viktigaste institusjo­n for demokratie­t blir angripen på denne måten, seier Navarsete.

Ho er ikkje overraska over at norske myndigheit­er meiner Russland står bak angrepet.

– Vi har opplevd forstyrrin­gar på nettet før, spesielt i Finnmark eller under militærøvi­ngar. Og vi høyrer stadig om korleis dei har blanda seg inn i val i andre land, spesielt i USA, seier Navarsete.

Ikkje privat informasjo­n Navarsete har blitt forsikra om at privat informasjo­n frå hennar e-postkonto ikkje er stelt som følgje av angrepet. Ho har likevel skjerpa sin eigen sikkerheit etter angrepet.

– Eg har fått beskjed om at min e-post konto ikkje blei tappa, noko eg er svært glad for. Eg kan ikkje sjå nok anna årsak enn at eg sit i forsvars- og utanriksko­miteen. Dei håpte vel å finne noko dei kunne bruke om vår forsvarspo­litikk, seier Navarsete.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB ?? Liv Signe Navarsete sin e-postkonto blei stengt ned i eit døgn som følgje av angrepet.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB Liv Signe Navarsete sin e-postkonto blei stengt ned i eit døgn som følgje av angrepet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway