Bergens Tidende

Demokratan­e har truleg tapt sitt siste slag mot Trump

-

Denne veka arrangerte Senatets justiskomi­té ei høyring for å stadfeste Amy Coney Barretts nominasjon til høgsterett.

morten.myksvoll@bt.no.

Kommentato­r Morten Myksvoll følgjer presidentv­alet i USA. Les fleire av hans kommentara­r på

DET MEST oppsiktsve­kkande var at senator Mike Lee var til stades. Han er blant dei som er stadfesta smitta av koronaviru­set, og har sjølv sagt at han har opplevd symptom på sjukdomen. Lee avslutta sin karantene etter ti dagar.

DEMOKRATAN­ES visepresid­entkandida­t Kamala Harris dukka ikkje opp i høyringssa­len, men deltok via video.

Harris kritiserte republikan­arane for å arrangere høyringa samtidig som smitten har spreidd seg til fleire medlemmer av Senatet.

Komiteens leiar, Lindsey Graham, har nekta å teste seg for koronaviru­set – både før denne høyringa og før debatten mot hans motkandida­t i South Carolina.

ALT TYDER PÅ at republikan­arane både får tid og stemmer nok til å stadfeste Barrett før valet 3. november.

Kampen ser altså ut til å vere tapt for demokratan­e, men dei kan truleg tene på nominasjon­en i dette valet – som demokratan­e ligg an til å vinne.

ALLEREIE 10. NOVEMBER kan Barrett sitje i høgsterett og høyre argument for og mot Obamacare.

Trump-regjeringa meiner at Obamacare må gjerast ugyldig fordi den skatten folk må betale dersom dei ikkje kjøper helseforsi­kring, er blitt nulla ut.

Det argumentet vert omtala som «latterleg svakt» i det konservati­ve tidsskrift­et National Review.

Skatten vart nulla ut i 2017 av republikan­arane i Kongressen, som ein respons på at den då òg konservati­ve høgsterett­en hadde heldt oppe Obamacare.

BARRETT ER IMOT Obamacare, men det er lite truleg at høgsterett snur, berre fordi skatten no er null.

 ?? FOTO: CAROLINE BREHMAN / REUTERS / NTB ?? Amy Coney Barrett.
FOTO: CAROLINE BREHMAN / REUTERS / NTB Amy Coney Barrett.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway