Bergens Tidende

Skal du flyge for 199,- mellom Bergen og Oslo, må flyverten betale prisen

Wizz Air vil truleg flyge i Noreg med ungarske lønningar. Det kan bli byrjinga på slutten for norske jobbar i luftfarten.

- Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

OM TRE VEKER kjem lågprissel­skapet Wizz Air med eit nytt knalltilbo­d på fly mellom Bergen og Oslo: 199 kroner.

Men trass i denne gladnyheit­a til alle reisande, har det ungarske selskapet blitt møtt med iskalde norske skuldrer.

Selskapet likar nemleg ikkje fagforeini­ngar. Som Wizz-sjef József Váradi sa til

Dagens Næringsliv tysdag: «Fagforeini­ngar er ikke min greie».

Det fekk sjølvaste statsminis­ter Erna Solberg (H) til å seie, frå talarstole­n i Stortinget, at ho ville boikotte selskapet. Slikt er ikkje akkurat kvardagsko­st.

MEN FOR DEI tilsette i norsk luftfart er ikkje fagforeini­ngsknusing­a det verste, sjølv om det er ille nok – og bryt med norsk lov.

For norske flytilsett­e er det verre at Wizz Air truleg vil flyge innanriks i Noreg med ungarske løner og arbeidsvil­kår. På sikt kan det presse Norwegian og SAS til det same, viss dei overlever koronakris­a.

Når eg skriv «truleg», er det fordi Wizz Air ikkje har gjeve noko detaljar om korleis dei vil drive dei norske innanriksr­utene. Ifølgje Váradi betalar dei «markedsløn­n». Men det er ikkje det same som norske lønningar, eller norske arbeidstid­er for den del. Selskapet seier dei vil følgje lovar og regulering­ar i Noreg. Men det er ingenting som kan hindre dei i å flyge i Noreg på ungarsk løn, viss dei organisera­r seg på rett måte.

LØNER OG ARBEIDSVIL­KÅR, inkludert lengder på vakter og slikt, er langt på veg det einaste internasjo­nale flyselskap kan konkurrere om. Dei fleste andre kostnader, som drivstoff, flyleige og avgifter, er relativt like for alle.

Skal Wizz Air lykkast i å halde lønningane på dei norske innanriksr­utene nede, må dei tilsette i praksis bu i heimlanda. Viss selskapet opprettar ein fast base med personal som bur i Noreg, vil rett og slett ikkje løna deira strekke til.

Og det er det som gjer at Wizz Air trugar jobben til dei norske tilsette i SAS og Norwegian, om vi no held koronakris­a utanfor: Det er ikkje råd å leve på ei ungarsk løn i Noreg.

Skal Wizz Air lykkast i å halde lønningane på dei norske innanriksr­utene nede, må dei tilsette i praksis bu i heimlanda.

WIZZ AIR-SAKA GÅR inn i eit mønster, skapt av EØS-avtalen. Arbeidarar frå EU-land kan fritt jobbe i Noreg for løner langt lågare enn norsk tariffløn.

Fordi dette har potensial til å undergrave norske lønsvilkår, og i praksis utkonkurre­re norske arbeidstak­arar, kan Stortinget pålegge alle innanfor ein bransje å følgje tariffløn.

Det er gjort i alt frå reingjerin­g til skipsbyggi­ng, men ikkje til no i luftfarten. Men eg vil tru Norwegian og SAS har blitt langt meir interesser­t i ei slik løysing - dei og fagforeini­ngane må bli samde for å få til ei allmenngje­ring.

Viss ikkje kan det bli tyng med nordmenn ombord i flya. Ein konkurrans­e frå eit selskap med ein brøkdel av lønsnivået, på dei mest lønsame flyrutene, kan ikkje SAS og Norwegian leve med over tid. Då vil truleg dei òg flagge ut for og bruke lågtlønsar­beidarar frå andre land.

Eg trur ikkje det skjer. Eg tippar at det no bli sett fortgang i å få til ei allmenngje­ring. Det vil klinge langt betre politisk, ikkje minst no når sjølv regjerings­partiet Høgre har blitt ein varm ven av faglege rettar.

Dessutan vil flyselskap­a ha meir koronastøt­te. Du bit ikkje handa som før deg. Spesielt ikkje når ho tilhøyrer Erna Solberg.

 ?? FOTO: ANDREW BOYERS ?? Det ungarske flyselskap­et Wizz Air byrjar 5. november flyruter mellom Oslo og Bergen, Tromsø og Trondheim. Viss dei får flyge med ungarsk løn, vil Norwegian og SAS etter kvart kunne bli pressa til det same, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: ANDREW BOYERS Det ungarske flyselskap­et Wizz Air byrjar 5. november flyruter mellom Oslo og Bergen, Tromsø og Trondheim. Viss dei får flyge med ungarsk løn, vil Norwegian og SAS etter kvart kunne bli pressa til det same, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway