Bergens Tidende

Må gå som planlagt

Medan Oslo blir innkapsla i eit nettverk av jernbaner, vil Jernbanedi­rektoratet skyve innkorting­a av Bergensban­en til etter 2029. Det er totalt uakseptabe­lt.

- LANEN OM Å KORTE

Pned reisetida med tog mellom Bergen og Oslo, frå over seks til fire timar, har fått nok eit skot for baugen. Jernbanedi­rektoratet vil utsetje planen om ny bane mellom Bergen og Voss til siste periode i den komande Nasjonale Transportp­lan. Det vil seie etter 2029.

Det same vil jernbanedi­rektør Kirsti Slotsvik gjere med den andre delen av innkorting­a, Ringeriksb­anen. Der skal bygginga etter planen byrje neste år.

Hovudårsak­a er at pengane renn ut i dei mange jernbanepr­osjekta rundt hovudstade­n.

EI SLIK PRIORITERI­NG av landets ressursar er uakseptabe­l. Vestlandet er Noregs klart viktigaste eksportreg­ion. Jernbanen mellom landets to største byar køyrer i stor grad på ein over 100 år gammal trase, og brukar like lang tid som på 1970-talet.

Fråværet av ei moderniser­ing har ført dei reisande over på fly. Bergen-Oslo er no ei av dei mest trafikkert flyrutene i Europa. I tillegg har mykje av godstrafik­ken flytta over på vegar som heller ikkje har halde tritt med tida.

DET SISTE KRUMSPRING­ET til Jernbanedi­rektoratet trugar òg bygging av ny veg mellom Bergen og Voss. Årsaka er at planane legg opp til bygging av bane og veg samstundes, for å få stordrifts­fordelar som vil spare samfunnet for 3–4 milliardar kroner.

Statens vegvesen følgjer planen om å byrje bygginga i 2024. Å utsetje utbetringa av denne rasutsette vegen er ikkje eit alternativ. Viss bane og veg ikkje blir bygd samstundes vil prosjektet bli langt dyrare. Det vil gå ut over vegbudsjet­tet, og det vil kunne gjere ein ny bane til Voss så dyr at ho aldri blir bygd.

DESSVERRE HAR JERNBANETI­LSYNET allierte i Samferdsle­departemen­tet. I september sende dei eit brev til Statens vegvesen der dei tok til orde for å utsetje byggestart for Bergensban­en, og å dele bygginga av ny veg mellom Bergen og Voss i mindre byggetrinn.

No må politikara­ne setje byråkratan­e på plass. Samferdsle­minister Knut Arild Hareide (KrF) veit kva dette handlar om: Å sikre at Vestlandet blir høyrd, og prioritert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway