Bergens Tidende

Aktuell for å ta over for Mjelde

-

Tommy Knarvik kan fort bli Mons Ivar Mjeldes arvtakar i Øygarden FK.

oystein.vik@bt.no

Mons Ivar Mjelde sluttar etter årets sesong. Det var avklart allereie då han overtok som trenar etter Bryant Lazaro for ein månad sidan.

No er det klart at Tommy Knarvik er aktuell som trenar frå og med neste sesong.

– Vi tenkjer på Tommy som ein potensiell trenar. Det ville vera feil av oss å ikkje gjera det, seier Kurt Fjeld, leiar i Øygarden FK sitt sportslege utval.

Knarvik er frå Øygarden, har spelt toppfotbal­l både i Norge og England og trente Sotra SK i 2. divisjon i fjor. Lenge med stor suksess, før han fekk beskjed om at han ikkje fekk halda fram i jobben og Sotra rakna.

– Tommy er lokal, har utruleg mykje kompetanse og han gjorde ein særs god jobb i Sotra – sett vekk frå avslutning­a, meiner Fjeld.

Skal vera rådgjevar

Tidlegare denne veka skreiv BA om at Knarvik allereie no kjem inn som ein samtalepar­tnar og rådgjevar for Mons Ivar Mjelde.

– Det er ikkje eit stort engasjemen­t eg skal ha no, men eg skal sjå kampar og koma med innspel. Forhåpentl­eg kan det vera viktig i den perioden ØFK no skal inn i, seier Knarvik.

Med ti kampar att av sesongen ligg Øygarden på nedrykkspl­ass.

– Vil du trena Øygarden neste år, Knarvik?

– Eg har klare ambisjonar om å trena eit lag i 1. divisjon. Om Øygarden er eit 1. divisjonsl­ag når sesongen er over, så er det aktuelt for meg, seier Knarvik.

– Er det uinteressa­nt om Øygarden rykker ned?

– Nei, det er det ikkje, seier Knarvik.

Tommy-skryt

Øygarden avsette Bryant Lazaro

(32) og henta inn rutinerte Mons Ivar Mjelde fordi klubbleiin­ga trudde det ville auka sjansen for å halda seg i divisjonen.

Lazaro hadde ikkje trent ein

1. divisjonsk­lubb før han kom til Øygarden.

Det har heller ikkje Knarvik gjort.

– Personleg er eg ganske trygg på at Tommy vil ha eit betre utgangspun­kt enn Bryant hadde, seier Fjeld.

– Måten Tommy bygde Sotra sitt lag på, der alt var gjennomfør­t og tilrettela­gt for spelarane, har eg veldig sans for. Han var oppteken av at draktene hang i garderoben og at det skulle vera stil og orden på ting. Skal du få ein kultur der spelarane blør for drakta må du også ta vare på dei, seier Fjeld.

Tommy Knarvik

Han peikar også på Knarvik si evne til analyse, eigenskapa­r for å bygga klubb og hans store nettverk.

– Eg trur Tommy er klar for neste steg, seier Fjeld.

Øygarden og Nest-Sotra har lenge slite med låge tilskodart­al. Men Knarvik trur det er mogeleg å byggja eit toppfotbal­lprosjekt vest for Sotrabrua.

– Øygarden kommune fortener å ha toppidrett, og det ligg i mitt DNA å driva med det. Men det tek tid å byggja kultur, tilhørighe­t og eit miljø. Dette har eg nokre tankar om, seier Knarvik.

Øygarden kommune fortener å ha toppidrett, og det ligg i mitt DNA å driva med det.

– Ikkje meir aktuell enn andre Det er berre to og ein halv månad til oppkøyring­a til 2021-sesongen skal starta. Derfor hastar det med å få på plass ein trenar.

– No er førstepri at Mons skal få sjansen til å redda dette i haust. Eg trur ikkje så mange tenkjer på neste år enno, seier Knarvik.

Fjeld seier at sportsleg utval snakkar om trenarspør­smålet.

– Det er klart Tommy er aktuell, men han er ikkje meir aktuell enn andre kandidatar. Vi må ha ein trenar vi kan føla oss trygge på at vil byggja lag og klubb.

 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? – Folk skrik etter toppidrett her på øya, seier Tommy Knarvik.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK – Folk skrik etter toppidrett her på øya, seier Tommy Knarvik.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway