Bergens Tidende

Tre Øygarden-spelarar vart lempa av flyet

-

På billetten stod det feil namn. Det gjekk ikkje flyselskap­et med på.

Etter det tunge 3–0-tapet for Lillestrøm sist søndag, reiste Øygarden FK-spelarane til Gardermoen for å koma seg heim.

For Kevin Jablinski, Charles Ezeh og Charles Maduka Udeh gjekk ikkje det som planlagt.

Dei tre vart lempa av flyet. Årsak: Det sto feil namn på billetten.

– Det er dumt når slikt skjer, seier Kurt Fjeld, leiar for Øygarden FK sitt sportslege utval.

Det ligg i sakens natur at det kan koma endringar på billettar når fotballag skal ut på tur. Spelarar kan bli kjøpt, seld, skada, suspendert. Eller dei kan bli overraskan­de vraka eller tatt inn i til kamptroppe­n.

Derfor er billettane Øygarden FK kjøper kostnadsfr­ie å endra namn på.

– Men ein må gå i skranken og endra namn. Det er gratis å gjera det, men det må altså gjerast, seier Fjeld.

Så vart ikkje gjort.

Dei tre spelarane kom seg til slutt heim. Med neste fly.

Årsaka til at dette kunne skje, heng saman med at Øygarden reiser med færrast mogleg personar på bortekamp for å spara pengar.

– Det fall mellom to stolar kven som hadde ansvaret for å gjera endringa. Dette skjedde fordi me må vera veldig kostnadsbe­visste, seier Fjeld.

Øygardens viktigaste kamp Jablinski var ein av dei tre som ikkje fekk koma med flyet. Han stadfestar hendinga, men har ikkje lyst til å kommentera den utover det.

– Eg vil berre ha fokus på kampen laurdag, seier Jablinski.

Kampen han snakkar om er heimeoppgj­eret med Strømmen. Ein kamp som verkeleg fortener å verta kalla ein sekspoengs­kamp. Øygarden ligg på nedrykkspl­ass, med Strømmen rett over seg på tabellen.

– Det er nok den viktigaste kampen vi har hatt, seier Jablinski.

Han kom nyleg på lån frå Sandnes Ulf, med mål om å få starta fleire kampar. Det har han gjort, som midtstoppa­r for ØFK. Jablinksi kjem frå Skien og er oppfostra i Odd-systemet.

– Når vi ligg der vi ligg på tabellen, så må vi ta situasjone­n alvorleg. Denne klubben her skal ikkje rykkja ned, seier Jablinski.

Fordel med gras

Thor Kristian Økland er ein av veteranane i Nest-Sotra/Øygardensy­stemet. Visekaptei­nen er einig med Jablinski i at Strømmen-kampen er årets viktigaste.

– Vi må ha tre poeng. Det er eit press, men det presset lever vi godt med, seier Økland.

Han meiner Øygarden har ein god sjanse til å halda seg i 1. divisjon.

– No gjeld det berre at vi held fram med å vera solide på heimebane. Der har vi ein fordel med gras. Det kan bli avgjerande for oss, trur Økland.

 ?? FOTO: RODRIGO FREITAS ?? Charles Ezeh var ein av Øygardensp­elarane som ikkje fekk bli med på flyet heim frå Gardermoen søndag.
FOTO: RODRIGO FREITAS Charles Ezeh var ein av Øygardensp­elarane som ikkje fekk bli med på flyet heim frå Gardermoen søndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway