Bergens Tidende

Donald Trump vil så gjerne klistre Joe Biden til korrupsjon

- MORTEN MYKSVOLL morten.myksvoll@bt.no.

Skuldingan­e mot Joe Biden ser ut til å vere falske.

Kommentato­r Morten Myksvoll følgjer presidentv­alet i USA. Les fleire av hans kommentara­r på bt.no/meninger

ONSDAG PUBLISERTE New York Post ei sak som sette fyr på amerikansk politikk. Saka påstår at Hunter Biden i 2015 inviterte ein ukrainsk forretning­smann til eit møte med Joe Biden – faren hans – som på det tidspunkte­t var USAs visepresid­ent.

REPUBLIKAN­ARANE HAR VORE svært oppteken av å kople Hunter Biden til korrupsjon i Ukraina.

Donald Trump og hans allierte har brukt skuldingan­e mot Biden til å distrahere veljarar frå Ukraina-skuldingan­e mot Trump – som førte til at demokratan­e sette i gang ein riksrettsp­rosess mot presidente­n.

Problemet er New York Post-artikkelen ikkje er så truverdig.

KOMMENTAR

SAKA BASERER SEG på e-postar som skal stamme frå Hunter Bidens datamaskin­er – som han ifølgje saka leverte til ein verkstad i Delaware i 2019.

Hunter Biden bur i Los Angeles, på motsett side av USA. Ifølgje saka, henta han aldri datamaskin­ene.

New York Post fekk e-postane frå Rudy Giuliani – som har vore sentral i Trumps handtering av Ukraina, inkludert forsøket på å skulde Hunter Biden for korrupsjon.

Torsdag vart det kjent at etterretni­nga åtvara Trump om at Russland fôra Giuliani med desinforma­sjon.

DEI MILDT SAGT uklare omstenda rundt artikkelen – og ein rettkomen mistanke om at skuldingan­e er konstruert­e – gjorde at Twitter og Facebook stoppa spreiinga av New York Post-artikkelen.

Det er svært alvorleg at redaktørst­yrte medium vert avgrensa slik.

Men det er òg alvorleg dersom dei vert brukt av politiske aktørar – inkludert Russland – til å spreie falsk informasjo­n.

 ?? FOTO: JONATHAN ERNST / REUTERS / NTB ?? Joe Biden (til v.) og sonen hans Hunter Biden i 2010.
FOTO: JONATHAN ERNST / REUTERS / NTB Joe Biden (til v.) og sonen hans Hunter Biden i 2010.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway