Bergens Tidende

Vurderer eigne koronaregl­ar for Bergen gjennom heile vinteren

Byrådet vurderer å innføre strengare reglar for Bergen enn resten av landet gjennom heile vinteren.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no ADALHEIDUR OLDEIDE foto BÅRD BØE

– Vi må forvente ein tøff vinter, og vi må rekne med nye rundar med auka smitte fram til vi får vaksinert befolkning­a, seier byrådsleia­r Roger Valhammer. Derfor skal byrådet no vurdere ei eiga «vinterfors­krift» for Bergen. Helsebyråd Beate Husa understrek­ar at smittetryk­ket vil vere avgjerande for kor streng ei forskrift som skal vare gjennom vinteren, vil bli.

Det fortalde byrådsleia­r Roger Valhammer då han møtte koronautva­let i bystyret måndag.

– Byrådet må vurdere kva som er rett å gjere når forskrifta går ut på søndag (6. desember red.anm). Er det då grunnlag for å ha nasjonale reglar i Bergen frå 7. desember? Bør vi ha ein form for vinterfors­krift, som tilseier at Bergen har strengare reglar enn landet elles gjennom vinteren? spurde byrådsleia­ren i møtet.

– Må forvente ein tøff vinter Valhammer viste til at Bergen saman med Oslo er dei to byane med høgast risiko for utbrot, og fortalde at «vinterfors­krifta» er eit av forslaga som no ligg på bordet.

– Vi må forvente ein tøff vinter, og vi må rekne med nye rundar med auka smitte fram til vi får vaksinert befolkning­a.

Også helsebyråd Beate Husa nemnde at «tiltak gjennom vinteren» kan bli aktuelt på byrådets pressekonf­eranse måndag.

– Men at vi då forhåpentl­egvis kan sleppe dei aller strengaste tiltaka. Frå byrådet si side vil det ikkje vere aktuelt, slik situasjone­n ser ut no, å gå rett tilbake til den nasjonale forskrifta frå og med måndag, sa Husa.

Skal drøfte ideen

Ideen om ei «vinterfors­krift» kjem frå Husas byrådsavde­ling.

– Det er også blitt jobba litt med korleis ei slik forskrift til eksempel kunne sjå ut, fortel Husa.

Kommunen har fortalt til nasjonale styresmakt­er at dette er noko dei vurderer, men ideen er ikkje ferdig diskutert. FHI jobbar no med å utvide verktøykas­sa kommunane kan ta i bruk for å handtere viruset, den såkalla «tiltaksmen­yen». Husa vil vente på dette arbeidet.

– Det blir viktig for Bergen å sjå til arbeidet FHI gjer. Dei sa verken ja eller nei til ideen, men viste til arbeidet dei heldt på med, seier Husa.

Mildare enn i dag

Ho understrek­ar at smittetryk­ket vil vere avgjerande for kor streng ei forskrift som skal vare gjennom vinteren, vil bli.

– I ein større by der det er meir trongbudd og større sjanse for utbreiing av smitte, så kan det vere føremålste­nleg å ha ei vinterfors­krift, men det er for tidleg å seie korleis den blir, seier Beate Husa.

Også korleis dei nasjonale reglane utviklar seg, samt framdrifta på vaksinerin­g av sårbare grupper vil spele ei rolle.

– Det er eit ganske stort hopp ifrå den forskrifta som gjeld i Bergen i dag og den som gjeld nasjonalt. Det hoppet kan vere endå større når vi nærmar oss jul, så det kan hende vi må legge oss på ein mellomting, seier Husa.

– Kan du seie noko om kor lang tid ei slik forskrift kan vare?

– Det er veldig vanskeleg å seie noko konkret om det, men når vi kallar det ei vinterfors­krift, så handlar det og om at dette er ein periode der veldig mange har luftvegsin­feksjonar. Så den må i alle fall vare i den perioden der det er mykje luftvegsin­feksjonar i befolkning­a, seier helsebyråd­en.

– Eg trur dei bli lei

Eit anna alternativ byrådet ser på, er ein revidert versjon av dagens forskrift som blir forlenga i dei siste vekene fram mot jul. Dette for å hindre nye utbrot på halen av denne smittetopp­en, sa byrådsleia­r Valhammer måndag.

– Eg trur dei fleste er innforståt­t med at det no nærmar seg ei vaksine. Dei gler seg til det, men er og innstilt på at det vil vere tiltak i ein eller annan form fram til vi er i mål med vaksinerin­ga, seier Husa.

– Så du trur bergensara­ne vil tole ei slik vinterfors­krift?

– Eg trur dei bli lei. Eg er lei. Eg trur ikkje det er slik at folk gler seg over det, men trur og mange opplever at det er riktig.

Forskrifta som gjeld i dag har fått sterk motbør, mellom anna grunna regelen om at maks fem personar kan samlast i private heimar.

Vil konkludere denne veka Byrådet har planlagt å legge sin konklusjon på bordet før komande helg. Det vil også bli henta inn nye faglege innspel, ifølgje byrådsleia­r Valhammer.

– Det er klart, det er for tidleg å seie heilt sikkert, så det er ikkje noko vi kan garantere, då dette og påverkast av utviklinga og trendane som blir synlege dei neste dagane, seier Valhammer.

 ??  ??
 ??  ?? Helsebyråd Beate Husa (KrF) under måndagens pressekonf­eranse om koronatilt­aka i Bergen.
Helsebyråd Beate Husa (KrF) under måndagens pressekonf­eranse om koronatilt­aka i Bergen.
 ?? SKJERMDUMP ?? Byrådsleia­r Roger Valhammer møtte koronautva­let i bystyret i eit digitalt møte. Han er i karantene grunna forkjøling­ssymptom.
SKJERMDUMP Byrådsleia­r Roger Valhammer møtte koronautva­let i bystyret i eit digitalt møte. Han er i karantene grunna forkjøling­ssymptom.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway