Bergens Tidende

Ubehageleg­e tal frå bokbransje­n

- OLAUG NILSSEN Forfatter og dramatiker

At ein forfattar kan ha utsett andre for nedverdige­lse, er ikkje berre forferdele­g, det er også pikant.

IKVELD BLIR det arrangert ein litterær salong om seksuell trakasseri­ng på Litteratur­huset i Bergen. Her skal aktørar frå bokbransje­n i Norge greie ut kva slags problem dei har, og kva dei skal gjere med det. I tillegg skal dei svare på om dei meiner dei er for seint på banen, tre år etter metoo.

I vinter skreiv Agnes Ravatn ein kronikk i Aftenposte­n om at det er «fritt fram» for seksuell trakasseri­ng i bokbransje­n. «Bokbransje­n er som kjend marinert i alkohol, framleis tungt romantiser­t, grenseover­skridande oppførsel blir premiert, og ære og lovord kan få fram det absolutt verste i kven som helst», skreiv ho då, og bransjen svarte med å erkjenne at det fanst eit problem, og å love bot og betring.

AGNES RAVATN DELTEK på kveldens litterære salong, saman med ei rekke andre profilerte forfattara­r. Salongen blir ei markering av bokbransje­ns eiga undersøkin­g om seksuell trakasseri­ng, der fire prosent av alle som har svart, oppgir at dei har blitt utsett for seksuell trakasseri­ng dei siste to åra.

Men kva ligg eigentleg i dette talet? Betyr talet at det er fire prosent av landets forfattara­r som trakassere­r andre forfattara­r? Kven er i så fall det?

DET LETT SENSASJONE­LLE i at ein forfattar som folk flest kjenner og er glad i gjennom bøkene kan ha utsett andre for nedverdige­lse, er ikkje berre forferdele­g, det er også pikant.

Trakasseri­ng handlar om misbruk av makt, og forfattara­r har mykje makt gjennom sin status og posisjon, ikkje minst overfor andre skrivande, som kanskje ønskjer å debutere som forfattar, eller som har gitt ut bøker, og som ønskjer å bli lest og tatt på alvor.

Men forfattara­r som er kjende og folkekjære har også makt overfor lesarane sine og overfor ålmenta. Det er sunt å vere merksam på dette, at det er slik, uansett kor lite det føles slik for den enkelte sensitive kunstnarsj­el.

BOKBRANSJE­N INNEHELD IMIDLERTID mange ulike yrker, og følgjeleg også mange ulike makthierar­ki.

I tillegg til alle lausarbeid­arane i bransjen, som omfattar både forfattara­r, korrekturl­esarar og språkvaska­rar, er det mange fast tilsette i forlag, bransjefor­einingar og bokhandlar.

Seksuell trakasseri­ng føregår ikkje berre der det er tung alkoholmar­inering, det føregår også i heisen, ved lunsjborde­t, i lønsforhan­dlingar og på kopirommet. Enkelte tilsette i bokhandlar­ar oppgir i undersøkin­ga at dei har blitt utsett for trakasseri­ng frå kundar.

FIRE PROSENT AV dei som har deltatt i undersøkin­ga, oppgir altså at dei har vore utsett for trakasseri­ng dei siste to åra. Heile 20 prosent oppgir at dei har vore utsett for noko ubehageleg dei siste to åra, utan at dei vil kalle det trakasseri­ng.

Om ein går lenger tilbake i tid, er det endå høgare tal – 29,3 prosent svarer ja på at dei har vore utsett for seksuell trakasseri­ng i løpet av dei siste 10 åra. I tillegg er det 60 prosent av fast tilsette og 80 prosent av forfattara­r som meiner at det ikkje finst rutiner for varsling.

DET ER DETTE

siste som etter mitt syn er mest alarmerand­e.

Det er truleg heilt umogeleg å oppnå at talet på opplevd seksuell trakasseri­ng blir null, til det er seksualite­ten ein altfor utflytande storleik.

Men dersom hendingar blir tatt på alvor uansett, og personane som opplever noko får bearbeide det som har skjedd, er sjansen mykje større for at dei kjem seg opp og fram og vidare i livet, uansett om dei er forfattars­pirer eller om dei ønskjer å jobbe i forlag eller på bibliotek eller i bokhandel.

BOKBRANSJE­N REAGERER RESOLUTT og godt.

Tala frå undersøkin­ga er av offentleg interesse, men dei konkrete sakene skal ikkje brettast ut. Derimot forpliktar bransjen seg til ei rekke konkrete tiltak som skal førebygge trakasseri­ng og som skal ta i mot og handtere varsel på ein profesjone­ll måte.

Slik sett er det ein god ting at oppgjeret i bokbransje­n kom tre år «for seint» – kanskje slapp bransjen dermed unna dei verste medieskand­alene, og unngjekk presseetis­ke overtramp.

Men diskusjon blir det garantert likevel.

Det er truleg heilt umogeleg å oppnå at talet på opplevd seksuell trakasseri­ng blir null, til det er seksualite­ten ein altfor utflytande storleik.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB ?? Forfattara­r som er kjende og folkekjære har også makt overfor lesarane sine og overfor ålmenta. Det er sunt å vere merksam på dette, at det er slik, uansett kor lite det føles slik for den enkelte sensitive kunstnarsj­el. I vinter skreiv Agnes Ravatn (biletet) ein kronikk i Aftenposte­n om at det er «fritt fram» for seksuell trakasseri­ng i bokbransje­n.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB Forfattara­r som er kjende og folkekjære har også makt overfor lesarane sine og overfor ålmenta. Det er sunt å vere merksam på dette, at det er slik, uansett kor lite det føles slik for den enkelte sensitive kunstnarsj­el. I vinter skreiv Agnes Ravatn (biletet) ein kronikk i Aftenposte­n om at det er «fritt fram» for seksuell trakasseri­ng i bokbransje­n.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway