Bergens Tidende

FHI rår oss ikkje til å nytte munnbind heile tida

- DORTHEA HAGEN OMA Smittevern­overlege, Haukeland universite­tssjukehus

Svar på innlegg i BT 20. januar, med tittel «Hvorfor er det så få munnbind å se på Haukeland»:

VI ØNSKJER AT PASIENTAR, pårørande og besøkjande skal føle seg trygge i kontakten med sjukehuset.

Samstundes har vi forståing for at nokon blir usikre når bruken av munnbind varierer etter kor ein oppheld seg i samfunnet, også mellom helseinsti­tusjonar.

Det er Folkehelse­institutte­t (FHI) som lagar nasjonale anbefaling­ar for korleis tilsette i helsetenes­ta skal bruke personleg beskyttels­esutstyr når dei er på jobb. Utstyr skal brukast på riktig måte og til rett tid. I Helse Bergen følgjer vi desse nasjonale faglege anbefaling­ane.

DET FINST EIGNE REGLAR for bruk av munnbind i sjukehus, og eigne reglar for bruk av munnbind i sjukeheim og i heimetenes­ta. Sengeposta­r og behandling­srom i sjukehuset er heller ikkje offentlege rom. Sjukehuset har åtgangskon­troll og sjekkliste med spørsmål til pasientar og tilsette, og det er ikkje fri ferdsel inn og ut av sjukehuset.

Det er såleis skilnad på ein matvarebut­ikk og eit undersøkin­gsrom i sjukehuset. Alle tiltak blir jamleg evaluert og justert i tråd med smittepres­set i samfunnet.

AVSTAND ER FRAMLEIS det viktigaste tiltaket for å hindre smitte mellom personar. Munnbind erstattar ikkje andre smittevern­tiltak. FHI er tydeleg på at universell bruk av munnbind for tilsette i sjukehus ikkje er tilrådd. Sjukehuset skal sørgje for

 ?? ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? Det er ikkje fri ferdsel inn på sjukehuset, og det er skilnad på ein matvarebut­ikk og eit undersøkin­gsrom, skriv smittevern­overlege Dorthea Hagen Oma. Her fotografer­t før pandemien saman med sjukehusdi­rektør Eivind Hansen og styreleiar Svein Gjerdrem.
ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN Det er ikkje fri ferdsel inn på sjukehuset, og det er skilnad på ein matvarebut­ikk og eit undersøkin­gsrom, skriv smittevern­overlege Dorthea Hagen Oma. Her fotografer­t før pandemien saman med sjukehusdi­rektør Eivind Hansen og styreleiar Svein Gjerdrem.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway