Regjeringa har vore for treig med å stanse importsmitten
Med eit godt testsystem på grensa burde det ikkje vere naudsynt å stengje landet for innreise.
Rdei strengaste innreisetiltaka sidan mars. I praksis blir grensa stengd for alle som ikkje bur i Noreg, sa statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.
kan vise seg effektivt for å stanse det muterte koronaviruset, er det ikkje uproblematisk. Både menneskelege og økonomiske omsyn peikar i retning av at det framleis må vere mogeleg å kome inn i Noreg.
Regjeringa må dessutan tole sterk kritikk for måten dei har handtert smitte frå utlandet på til no.
Onsdag kunne NRK også fortelje at tal frå Telenor viser at svært mange reiser inn i landet utan å teste seg.
I dei to fyrste vekene av januar blei det registrert 31.600 fleire sim-kort frå Romania og Polen i Noreg. Men det var berre 17.500 frå desse to landa som testa seg ved innreise.
Ulike mutasjonar av koronaviruset har vore kjent ei god stund, men kontrollen ved grensa har ikkje vore tilsvarande god.
testsystem på grensa burde det ikkje vere naudsynt å stengje landet for innreise.
At testregimet til no har vore fullt av hòl, går ikkje minst ut over dei utanlandske arbeidstakarane og andre i Noreg med ikkje-norsk bakgrunn.
Det kjem stadige meldingar om at både arbeidstakarar og barn med bakgrunn frå Aust-Europa blir møtt med stigmatisering. Sist laurdag intervjua Klassekampen Bianca Irina Cristea, som er sosialarbeidar med bakgrunn frå Romania:
«JEG HØRTE EKSEMPLER fra en polsk kollega om venner av henne som har sluttet å snakke polsk på gata. Barn vil ikke leke med barna deres i barnehagen, fordi de forbindes med smitte. Det er uakseptabelt og bekymringsfullt. Hvor langt kan dette gå?» sa ho til avisa.
Dette er eit viktig spørsmål. Den beste måten styresmaktene kan løyse det på, er ved å drive svært god testing på grensa.
Vidare har kvar og ein eit ansvar for ikkje å la seg styre av fordomar og frykt under pandemien. Ungar som ikkje får leikekameratar i barnehagen bidreg ikkje til å stoppe smitten, berre til å auke framandfrykta.
BERGEN KOMMUNE HAR også testa personar som har hatt papir på at dei har hatt koronaviruset dei siste seks månadene. Dette satt regjeringa ein stoppar for, fordi det ikkje er lov å teste denne gruppa ifølgje smittevernforskrifta.
At testregimet til no har vore fullt av hòl, går ikkje minst ut over dei utanlandske arbeidstakarane og andre i Noreg med ikkje-norsk bakgrunn.
Bergens svar er at det florerer med falske papir. NRK har vist kor lett det er å skaffe slike dokument i Polen. Dette taler for å teste også folk som ifølgje dokumenta ikkje skal gjennom ny test og karantene.
Noreg skal ta imot folk, ikkje virus.
Kampen mot bompengar må vente. No kjempar Trym Aafløy mest for lønna si.
DÅ TRYM AAFLØY melde seg ut av Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) før jul, sette det bergenspolitikken på hovudet. Det er unikt at gruppeleiaren for det tredje største partiet melder seg ut, og blir uavhengig.
Då han melde seg ut, svara han slik på spørsmålet om årsløna i BA: «Synes du jeg skal gi opp integriteten min bare for en million kroner?»
Dagen etter ba han bystyret om å få behalde vervet. No kjempar han mot vervtapet på fleire frontar.
HAN KJEM TIL Å TAPE nestleiarvervet i byutviklingskomitéen. Det er berre eit spørsmål om tid.
Det vervet skulle nemleg Tore Landmark få i onsdagens bystyremøte. No tvingar Aafløy bystyret til å stemme over verva, utan at det kjem til å endre utfallet. Men bystyret får ikkje gjort dette før i februarmøtet.
Aafløy får altså éi månadsløn til som nestleiar.
DET ER PÅ ÉIN MÅTE forståeleg om Aafløy trudde at nestleiarvervet var personleg. At han kunne hoppe av FNB-skuta og berre representere seg sjølv, utan at det skulle få konsekvensar for verva hans.
Folkevalde kan ikkje fjernast frå bystyret, sjølv om dei har meldt seg ut av partia sine. Dette valet er personleg.
I førre periode melde Marita Moltu seg ut av KrF, og vart difor uavhengig. Ho melde så overgang til Partiet de Kristne. Det fekk ingen konsekvens for vervet hennar som varaordførar.
Men det vervet er personleg, ifølgje kommunelova. Valet av ordførar og varaordførar gjeld for heile perioden.
Val av leiarar og nestleiarar i komitéane gjeld berre til neste vedtak.
AAFLØYS KAMP OM kronene stoppar ikkje der. Denne veka behandla forretningsutvalet vervkrangelen for tredje gong. I ei oppmoding stilte Aafløy og dei to andre utmelde frå FNB kvart sitt krav om partistøtte, kontorlokale og gruppesekretær.
Det ville bety 663.333 kroner til kvar av dei – årleg. Det er om lag seks gongar meir enn eit ordinært bystyremedlem får for å stille på alle møtene i bystyret og i éin komité.
Først i eit nytt brev slår Aafløy fast at dei eigentleg meinte å danne ei ny gruppe. Aafløy meiner at det der er grunnlag for ei halv stilling som gruppeleiar. Ei slik gruppe ville fått 836.375 kroner årleg. Men bystyredirektør Roar Kristiansen svarar at den gruppa framleis ikkje har krav på støtte.
Partistøtte skal nemleg givast etter partiets oppslutning i førre val. Aafløys nye gruppe har ikkje stilt til val.
SAGAEN ER IKKJE OVER, fordi Kommunalog moderniseringsdepartementet i fjor overprøvde Oslo kommune i ei liknande sak. Då fekk FNB-utbrytar Danny Chaudry tilkjent partistøtte på 1,2 millionar kroner årleg.
I etterkant av dette vedtaket, har departementet bedt partilovnemnda om å vurdere saka.
Får Aafløy viljen sin, vil folkevalde ha ei sterk økonomisk interesse av å melde seg ut av partia sine, og på den måten få partistøtte utbetalt direkte.
DERSOM AAFLØY OG hans kompanjongar får gjennomslag, slik Chaudry gjorde i Oslo, kan det få alvorlege følgjer.
I dag er det seks uavhengige representantar i bystyret – like mange som det er SV-representantar. SV fekk 8,6 prosent av stemmene i Bergen.
Uavhengige representantar er ikkje i seg sjølv eit problem. Folk må ha lov til å melde seg ut av partiet sitt. Eg gjorde det sjølv på tampen av valperioden i 2015.
Men ein treng ikkje gi folk eit økonomisk insentiv til å bryte med partia sine. Får Aafløy viljen sin, vil folkevalde ha ei sterk økonomisk interesse av å melde seg ut av partia sine, og på den måten få partistøtte utbetalt direkte.
Då kan bystyret fort sjå heilt annleis ut enn det veljarane stemte fram.