Frekk og morosam brytning med stereotypiske roller
I fotoutstillinga «Wish you were my baby» leikar Pixie Liao med forholdsdynamikk i eit intimt og vakkert feministisk univers. forhold til kvarandre. Han er yngre, ho er eldre. Ho tek føringa i forholdet, han er den som føyer seg.
I FOTOGRAFISERIEN TAL RELATIONSHIP»
«EXPERIMENluktar av gammal moro og støv. Framande språk, drinkar i stettglas, kvinner i fotside kimonoar og fortauskafear.
FOTOGRAFIA GJER OGSÅ ASSOSIASJONAR til tenåringsklining og sveitte treningshallar, nakne føter og nakne kne. Polyester og armholer, bondage og raude rumper.
Det er noko sensuelt og erotisk ved fotografia hennar, særskilt der ein møter kunstnaren sitt konfronterande blikk, hennar raude lepper og raude negler. Samstundes forvitrar mykje av det sensuelle i humoren som flaumar over i nesten alle verka.
SOM «CAPTURER AND CAPTUREE» der Moro og Pixy er avbilda på ein takterrasse i skarpt solskin. Han pip naken, berre med tynne kvite sokkar, med hendene og sjølvutløysaren vernande framom underlivet.
Ein hageslange er tvinna rundt kroppen hans, medan ho held i enden av slangen, iført ein vid formlaus kjole, berrføtt og med skarpe raude negler.
Fotografia utan personar fortel òg ei historie, som fotografiet av ein struttande kaktus med ei saftig pære plassert midt oppi, eller nærbiletet av ein rackert der ei kvinnehand heldt stramt rundt ein kvit pose med pingpongballar.
DET VAKRASTE FOTOGRAFIET må vere «Hug by the pond» frå 2010. Det er som om heile biletet osar av fukt, av sildrande bekkar og 50 nyansar av grønt. I midten av biletet står Moro og Pixy tett omslynga.
Han naken, ho med ein tettsitjande, hudfarga body. Ho strekk seg på tå slik at ein ser dei sølete fotsolane hennar. Han held rundt sjølvutløysaren, mens ho held rundt han med begge hender. Ho ser ut som den som trøystar, han den som får trøyst.
LIAO UTFORDRAR TRADISJONELLE KJØNNSROLLER og viser gjennom liv og leven at det finst eit alternativ. Det er ikkje revolusjonerande det vi møter i kunsten til Liao, men eg diggar hennar frekke, morosame, feministiske univers.
Der vi vanlegvis møter seksualiserte, retusjerte kvinnekroppar, er det frigjerande med eit anna blikk. Og med ei heil verd som villig vekk delar av sine intime forhold, kjennast det merkverdig ekte og genuint med desse utleverande, vakre og humoristiske fotografia.
TORSDAG 28. JANUAR 2021 BERGENS TIDENDE