Bergens Tidende

FERJETAKST­AR:

No må partia tenkje mindre på seg sjølv og meir på ferjefolke­t.

-

FREDAG HANDSAMA FINANSKOMI­TEEN på Stortinget ein større krisepakke. Der klarte ikkje partia å samle seg om eit opplegg for å redusere prisane på ferjebille­ttar i Noreg, trass i at både Frp, Ap og Senterpart­iet har varsla at dei vil dette.

NO JOBBAR PARTIA for å finne ei løysing før saka blir endeleg handsama i Stortinget på tysdag. Dei tre partia har til saman fleirtal. Det er dermed ingen grunn til at dei ikkje skal kunne finne saman i denne saka.

Om partia ikkje greier å danne fleirtal no, viser det at dei er meir opptekne av valkamptak­tikk og politisk spel enn av å gjere noko for vanlege folk langs kysten og i fjordane.

Arbeidarpa­rtiet ønskte først å halvere ferjeprisa­ne gjennom dei fire neste statsbudsj­etta. Så kom Frp på banen og ville halvere prisen allereie denne våren, før dei på sikt skal bli gratis.

No har Ap gjort framlegg om eit anmodnings­vedtak der regjeringa blir beden om å kome med ein plan for halvering over fire år. Frp vil ha ein forpliktan­de plan i revidert nasjonalbu­dsjett. Og Senterpart­iet har lagt inn eit representa­ntframlegg om saka.

SITUASJONE­N ER PREKAER for både folk og naeringsli­v ute i distrikta. Mange har fått svaert høge aukar i ferjetakst­ane, samstundes som det ikkje finst noko alternativ til å ta ferja.

Det er vedteke krisepakka­r til svaert mange sektorar i samfunnet gjennom det siste året. Framlegget om å bruke ein krisepakke på ferjetakst­ar har blitt kritisert fordi takstane ikkje er endra som konsekvens av koronapand­emien.

LÅGARE FERJEPRISA­R VIL likevel vere ei svaert kjaerkomen handsrekki­ng til distriktsn­aeringsliv­et. Og folk utanfor storbyane treng å sjå at partia er villige til å gjere noko med eit problem som er akutt i mange lokalsamfu­nn.

Med krisemålin­gar naerast dagleg, har Frp varsla at dei ikkje lenger vil inngå kompromiss. Det er ei håplaus haldning til politikk. Alle som sit på Stortinget må vere villige til å gje og ta. Frp kan ikkje vere noko annleis enn andre parti.

Situasjone­n er prekaer for både folk og naeringsli­v ute i distrikta.

OM RESULTATET AV denne nye haldninga er at det ikkje blir billegare ferjebille­ttar, er det nok heller ikkje saerleg sannsynleg at veljarane vil applaudere for Frp.

No må partia tenkje mindre på seg sjølv og meir på ferjefolke­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway