Bergens Tidende

Sei hei til sosialdemo­kraten Listhaug

Listhaug har gått partileiar­skulen, men har framleis ikkje laert det politiske handverket.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

DET ER UNDER sju månader til stortingsv­alet. Over natta fekk Sylvi Listhaug eit enormt ansvar i fanget: Frp bør doble seg frå dagens resultat for ikkje å gå på ein enorm valsmell. Mykje taler for at Listhaug ikkje greier den oppgåva. Det er rett og slett for dårleg tid, og partiet manglar både energi og kampsaker og retning som heile Frp kan vere einige om. Dermed blir stortingsv­alet i 2025 viktigare. Kva slags Frp går til val då?

DET VAR I ALLE FALL sosialdemo­kraten Sylvi Listhaug som møtte pressa fredag formiddag og kunngjorde at ho er klar for å aksle partileiar­trøya i Framstegsp­artiet.

Talen hennar handla om dei sakene ho brenn for, og som har prega heile hennar politiske gjerning: Helse, eldre og velferd, kort sagt «det blå alternativ­et for vanlege folk», slik ho sjølv formulerte det.

Dei mange som har likt Siv Jensens liberalist­iske line, må nok sjå seg om etter andre stemmesetl­ar enn Frps framover. Her blir det høg offentleg pengebruk, og lite merksemd om dusteforbo­d og offentlege inngrep.

PÅ PRESSEKONF­ERANSEN gjentok ho mantraet om at Frp skal «røyste for det vi er for og mot det vi er mot». Ordrett det same sa ho til alle som ville høyre på då Frp gjekk ut av regjering i januar i fjor.

Men både ho, Siv Jensen og resten av partiet har gjennom mange år i posisjon fått smaken på gjennomsla­g. Då er det ikkje så lett å halde seg unna kompromiss­a.

Frp er blitt eit styringspa­rti – på godt og vondt.

Dermed har Listhaug gong etter gong stått saman med dei raudgrøne og lagt fram krisepakka­r. Då ho som finanspoli­tisk talsperson skulle kommentere regjeringa­s budsjettfr­amlegg i fjor, valde ho milde og samarbeids­venlege ord.

Dette er det nye Frp. Tidlegare i februar lova dei at det var slutt på vasne kompromiss, og Listhaug sa at Frp vil krevje gratis ferje til alle. Så såg dei at det ikkje får gjennomsla­g, og fredag lanserte Frp eit moderert ferjeframl­egg.

Frp kan ikkje skulde på pandemien for at det er vanskeleg å få fram sakene sine. Partiets politikk muterer nemleg raskare enn koronaviru­set.

TIDLEGARE VAR LISTHAUG den desidert råaste utspelspol­itikaren i Noreg. Så har ho gått partileiar­skulen hos Siv Jensen og dempa stilen. Det kan nok vere bra dersom målet er å få til eit borgarleg samarbeid etter valet i 2025.

Det har vore lengre mellom dei mest spektakula­ere åtaka på innvandrar­ar, flyktninga­r eller muslimar. Det verkar også som om desse utspela får mindre merksemd enn før?

Om Listhaug hadde repetert turen til svenske Rinkeby i dag, er det tvilsamt om saerleg mange redaksjona­r hadde sendt journalist­ar.

MEN LISTHAUG MANGLAR kunnskapen om det politiske handverket som Jensen har.

Kva står att etter Listhaugs innsats som landbruks- og matministe­r, innvandrin­gsog integrerin­gsminister, justis-, beredskaps- og innvandrin­gsminister, eldre- og folkehelse­minister og olje- og energimini­ster?

Omtrent ingenting.

Listhaug er som oss andre: Når du bruker dagane på Facebook, får du ikkje gjort resten av jobben. Det kan verke som om ho har mangla ein klar plan for kva ho vil endre i politikken, og korleis ho skulle få til.

FLEIRE GONGAR HAR HO HAMNA i ei av to grøfter: For harde utspel gjer det umogeleg å få fleirtal. For forsiktige utspel fjernar Frp-stempelet.

Dermed står Frp med ein ny partileiar som har dempa retorikken, men som framleis ikkje meistrar dag-til-dagpolitik­ken. Det vil kunne endre seg fram mot neste val, men på kort sikt er det ei utfordring.

Listhaug vil også kunne få slite med elitestemp­elet. Ho bur på Oslo vest, køyrer elbil og har jobba fulltid i politikken sidan tidleg i tjueåra – med eit lite opphald i First House.

Den politiske debatten blir ikkje sunn av å bruke folks bakgrunn mot dei. Det er politikken som må avgjere. Men det blir i alle fall ikkje saerleg lett for Listhaug å dele ut stempel som «broiler» og «elite».

DEN NYE PARTILEIIN­GA vil gje Frp meir strekk i laget enn dei har hatt tidlegare. Både Siv Jensen og Per Sandberg var først og fremst økonomiske liberalist­ar. No blir det andre bollar.

Ketil Solvik-Olsen, som på nytt blir nestleiar i Frp, snakka på pressekonf­eransen om at Frp også er for syklistar, vegetarian­arar og homofile. Det er eit stykke frå «Her i Norge et vi svin»-Listhaug.

Truleg kan hans variant appellere breiare i storbyane, der Frp no står svakt. Frp må bli eit parti for vanlege folk. Då må dei ha faerre utspel om uvanlege saker.

Saker om niqabbruk på universite­t, ordet «nordmann» eller eit tredje kjønn i folkeregis­teret kan nok gje tommel opp på Facebook, men blir for smalt for eit parti som drøymer å sjå tjuetalet i val. Der kan Solvik-Olsen vere eit viktig korrektiv til Listhaug.

Og ikkje minst: Solvik-Olsens politiske prosjekt er tett knytt til å vere i posisjon. Han vil ha Frp tilbake i regjering. Det veit vi framleis ikkje om Listhaug vil.

Fort vekk veit ho det ikkje sjølv heller.

Listhaug er som oss andre: Når du bruker dagane på Facebook, får du ikkje gjort resten av jobben.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB ?? Sylvi Listhaug stadfesta fredag morgon at ho vil takke ja til vervet som leiar i Framstegsp­artiet.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB Sylvi Listhaug stadfesta fredag morgon at ho vil takke ja til vervet som leiar i Framstegsp­artiet.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway