Bergens Tidende

Gje ekstrapoen­g for nynorsk!

- PEDER LOFNES HAUGE Leiar i Noregs Mållag

DET BØR LØNE seg å velje nynorsk. Difor bør forskings- og høgare utdannings­minister Henrik Asheim (H) gje vidaregåan­de skuleeleva­r med nynorsk som hovudmål ekstrapoen­g ved opptak til høgare utdanning.

Denne våren skal han sende framlegg om ny lov om universite­t og høgskular på høyring. Det kviler eit tungt ansvar på Asheim for å følgje opp føremålet frå språklova han og regjerings­kollegaene hans sende til Stortinget i fjor. Der slår dei fast at norsk skal sikrast som samfunnsbe­rande språk, og at det offentlege har eit saerleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte språket.

UNIVERSITE­TS- OG HØGSKULELO­VA kan også bøte på det skeive tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i vidaregåan­de skule. Det kan Aasheim bidra til gjennom aktivt å favorisere nynorskele­vane.

I dag kan ein ved opptak til høgare utdanning få ekstrapoen­g for realfag, framandspr­åk, fullført folkehøgsk­ule, militaer- eller siviltenes­te, alder og kjønn. Det siste er i NOU 2020:3 Ny lov om universite­t og høyskoler føreslått fjerna frå forskrifta.

I NOREG HAR vi lang tradisjon for å bruke også opptakssys­temet i høgare utdanning til å nå ulike politiske mål, noko smørbrødli­sta av ekstrapoen­g ovanfor viser. Den nemnde NOUen understrek­ar dette når dei skriv at det heng saman med «politiske mål og et ønske om å stimulere elever til å ta visse fag fremfor andre».

Det er ikkje mange år sidan styresmakt­ene gav tilleggspo­eng for elevar som valde eit tredje framandspr­åk. Tida er overmoden for også å stimulere elevane til å velje – og halde på – heimespråk­et.

DET ER IKKJE like lett å vere nynorskele­v som bokmålsele­v. Verken laeremidde­lsituasjon­en eller laerarkomp­etansen er tilfredsst­illande. Når ein endåtil har vurderings­kriterium som fremjar målbyte frå nynorsk til bokmål, er det ikkje rart at naer halvparten av elevane med nynorsk i grunnskule­n byter til bokmål på vidaregåan­de.

DEN NYE SPRÅKLOVA – som Stortinget handsamar i desse dagar – må markere eit språkpolit­isk taktskifte, og alle statsrådar må ta ansvar for sine felt. Det er summen av alle små og store tiltak som fremjar nynorsk som på sikt vil jamne ut det skeive tilhøvet mellom språka våre. Ekstrapoen­g for nynorsk vil vere eit offensivt pionertilt­ak i arbeidet med å stogge språkskift­et frå nynorsk til bokmål i vgs.

Regjeringa har sagt at det må til. Om Asheim nyttar dette høvet og viser det i praksis, skal han få to ekstrapoen­g i boka mi.

 ?? FOTO JANNICA LUOTO ?? Noreg har lang tradisjon for å bruke opptakssys­temet i høgare utdanning til å nå ulike politiske mål, påpeiker Peder Lofnes Hauge.
FOTO JANNICA LUOTO Noreg har lang tradisjon for å bruke opptakssys­temet i høgare utdanning til å nå ulike politiske mål, påpeiker Peder Lofnes Hauge.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway