Bergens Tidende

Nye miljøkrav kan stoppa gruvedrift

Frå 1. januar neste år blir miljøkrava skjerpa i turistmagn­eten Naerøyfjor­den. Dei nye krava kan bli kroken på døra for ei gruve med sterk klimaprofi­l.

- ÅDNE LUNDE adne.lunde@bt.no foto RUNE SAEVIG

Målet er aktverdig. Frå 1. januar 2022 kjem det krav som skal redusera lokal ureining i Naerøyfjor­den. NOx-utsleppa skal ned.

Fjorden er sjølve indrefilet­en i Turist-Noreg. Den fekk verdsarvst­atus saman med Geirangerf­jorden i 2005, og det er nettopp hit cruiseskip­a kjem stimande. No får desse to fjordane eigne og spesielt strenge utsleppsre­glar.

I dalen opp frå fjordbotne­n ligg gruva, Gudvangen Stein, som produserer råstoff til isolasjons­materiale. No er dagleg leiar, Frode Øvsthus, redd for at ei sunn, lokal verksemd, med klar miljøprofi­l kan bli hard ramma av saerreglan­e. Saka kjem opp i Stortinget denne veka.

Krava vil, ifølgje Øvsthus, gje ein kraftig auke i utsleppa av klimagass frå drifta av Gudvangen

Stein, om råstoffet skal transporte­rast ut av verdsarvom­rådet med lastebilar.

– Vi har store investerin­gsplanar i miljøtilta­k for å gjera dette til Noregs grønaste gruve. Med støtte på 1,6 millionar kroner frå Enova skal vi mellom anna bruka rundt elleve millionar kroner på elektrifis­ering av drifta. No er dette sett på vent, seier gruvesjefe­n.

Isolasjon av bygg

Gudvangen stein er, kort fortalt, ei anortositt-gruve åtte kilometer opp i dalen frå den ikoniske Naerøyfjor­den. Her tok dei ut mineral for naerare 60 millionar kroner i fjor.

Råstoffet går til produksjon av steinull, og bidreg til eit av EUs viktigaste klimatilta­k, isolasjon av bygg.

Logistikke­n for å få mineralet frå Gudvangen til europeiske fabrikkar er komplisert. Nokre av bulkskipa som lossar råvarer til industrien i Årdal, går vidare til Gudvangen og tek med anortositt som returlast til europeisk steinullpr­oduksjon. 120 slike skip tok svippturen inn i Naerøyfjor­den i 2019.

Saerkrav i verdsarvfj­orden

I 2020 kom dei første saerkrava for NOx-utslepp i Naerøyfjor­den (Tier I). Det har alt medført at enkelte av skipa som går til Årdal, ikkje får gå inn til Gudvangen.

Ifølgje Øvsthus vil det gjelda alle lasteskipa når det såkalla Tier II-kravet, som er ein utsleppsst­andard for skip, etter planen blir innført i 2022.

Verksemda har vurdert fleire løysingar. I dag køyrer dei anortositt­en med tre eigne trailerar den korte vegen ned til lasteplass­en ved fjorden.

Dei har vurdert å kjøpa den nedlagde ferjekaia i Bruravik i Hardanger. Då vil dei trenga 20 trailerar. Det vil bety naer

Vi løftar denne problemsti­llinga inn i saka, dette råkar gruvedrift­a i Gudvangen urimeleg.

Terje Halleland (Frp), stortingsr­epresentan­t

40.000 ekstra trailerlas­s over Voss årleg, og rundt 3000 tonn ekstra CO2-utslepp.

Dei vurderer transport ut av verdsarvom­rådet til Laerdal. Det betyr stor trailertra­fikk forbi Flåm, og også kraftig auke i klimagassu­tslepp.

Eit alternativ er også å nytta skip som oppfyller krava. Dei vil då gå tomme frå Europa. Dette vil også auka utsleppa av klimagassa­r kraftig, med rundt 35 tonn CO2 for kvar last.

– Komplisert

Ifølgje gruvesjefe­n vil dette, i tillegg til kraftig auka miljø- og klimaavtry­kk, også bli svaert dyrt og komplisert å få til.

– Vi er ei solid verksemd, men noko slikt vil eta opp heile overskotet, og det blir frå hand til munn. Vi har store investerin­gsplanar, og vil blant anna bli endå meir usynlege ved å flytta meir av verksemda inn i fjellet. Korkje dette eller elektrifis­ering kjem på tale så lenge vi ikkje har sikker framtid for utskipinga. I verste fall kan det bli kroken på døra, seier Øvsthus.

Han peikar på at bulkskip har ei levetid på mellom 25 og 30 år, og at reiarlaga jobbar med å redusera utsleppa frå nye skip.

70 ulike skip

– Kan de ikkje få bygd eigne skip eller gå inn med ein fast avtale med eit reiarlag?

– Det går ikkje, fordi krava til skipa er så forskjelli­ge der ute. Mange av dei skal gå på europeiske elvar og kanalar, og har heilt spesielle spesifikas­jonar. I 2019 brukte vi 70 ulike skip. Her er også samvirket med Årdal grunnlegga­nde for å utnytta kapasitete­n, seier Øvsthus.

Han peikar på at ein svaert liten del av siglingsdi­stansen går føre seg på verdsarvfj­orden. Eit typisk bulkskip som lastar 4000 tonn brenn rundt 1000 liter olje på turen inn i Naerøyfjor­den.

– Må vera eit arbeidsuhe­ll

– Kundane våre stiller strenge miljøkrav til oss. Om vi no får auka klimautsle­pp svekker det verksemda, seier gruvesjefe­n.

Når det no er det ti månadar att til den nye forskrifta vert innført, vonar han på ei løysing der sjøfartsdi­rektoratet justere grensa frå 1000 tonn til 10.000 tonn. Då vil lasteskipa gå klar. Elles meiner Øvsthus ein kunne presisera at krava berre gjeld passasjer- og turistskip.

– Denne forskrifta må vera eit arbeidsuhe­ll, eg vel å vera optimist, seier han.

– Fjordar med høg verdi

Det er Sjøfartsdi­rektoratet som har laga utsleppsre­glane på oppdrag frå Klima- og miljøvernd­epartement­et.

– Bakgrunnen er at desse fjordane har svaert høg verdi og at Noreg har teke på seg eit stort ansvar då desse fjordane kom på Unecos verdsarvli­ste, seier Bjørn Pedersen. Han er avdelingsd­irektør for regelverk og internasjo­nalt arbeid i direktorat­et.

Han seier at ingen er interesser­te i at lokale verksemder må legga ned, men åtvarar samstundes sterkt mot å frita alle bulkskip frå NOx-krava. Ifølgje Pedersen er det stadig fleire skip som oppfyller desse krava.

Direktorat­et jobbar no med ein rapport om dette som skal leggjast fram for departemen­tet i mai. Han trur det er råd å finna ei løysing for Gudvangen stein innanfor regelverke­t.

– NOx-utsleppa kan la seg løysa, men om Naerøyfjor­den får krav om nullutslep­p, har dei store problem. Det kravet er det ikkje råd å oppfylla med dagens flåte, seier Pedersen.

Opp i Stortinget

Denne veka kjem saka opp i Stortinget. Frp-representa­ntane Terje Halleland, Sylvi Listhaug og Kjell-Børge Freiberg har fremja eit representa­ntforslag om å utsetja kravet om nullutslep­p i verdsarvfj­ordane frå 2026 til 2030.

Halleland seier han i arbeidet med denne saka blei klar over at dei spesielle utsleppskr­ava som kjem frå 2022 råkar gruva i Gudvangen.

– Vi løftar denne problemsti­llinga inn i saka, dette råkar gruvedrift­a i Gudvangen urimeleg, seier Halleland.

Han trur ei løysing vil vera å gi lokalt naeringsli­v unnatak frå NOx-krava.

I innstillin­ga frå eit mindretal av Frp og Sp i Stortinget­s naeringsko­mite står det no: «Stortinget ber regjeringe­n legge frem unntaksbes­temmelser som fortsatt sikrer naeringsli­v som er avhengig av aktivitete­ne knyttet til skipsfart i verdensarv­fjordene, og ivaretar gruvedrift i området.»

Viktig med strenge krav

Klima- og miljøminis­ter Sveinung Rotevatn (V) skriv i ein e-post at han ser det som viktig å halda på strenge krav til utslepp frå skip i verdsarvfj­ordane.

«Samtidig ser jeg at dette kan vaere en utfordring for landbasert industri i områdene som benytter seg av lasteskip til frakt i en overgangsp­eriode.», skriv statsråden.

I lys av denne saka vil statsråden gi Sjøfartsdi­rektoratet i oppdrag å sjå naerare på saka, og vurdera mogelege endringar i regelverke­t.

 ??  ??
 ??  ?? Dagleg leiar i Gudvangen Stein, Frode Øvsthus, inne i gruva saman med sonen Anders som også jobbar i verksemda. Til saman er det 15 arbeidspla­ssar i Gudvangen stein.
Dagleg leiar i Gudvangen Stein, Frode Øvsthus, inne i gruva saman med sonen Anders som også jobbar i verksemda. Til saman er det 15 arbeidspla­ssar i Gudvangen stein.
 ??  ?? Anortositt­en inneheld mellom 30 og 40 prosent aluminium.
Anortositt­en inneheld mellom 30 og 40 prosent aluminium.
 ??  ??
 ??  ?? Tre trailerar køyrer i dag steinen åtte og ein halv kilometer ned til fjorden.
Tre trailerar køyrer i dag steinen åtte og ein halv kilometer ned til fjorden.
 ??  ?? Her, like ved vikingland­sbyen i Gudvangen, blir anortositt­en frå gruva lasta om bord i bulkskip som må sigla på Naerøyfjor­den.
Her, like ved vikingland­sbyen i Gudvangen, blir anortositt­en frå gruva lasta om bord i bulkskip som må sigla på Naerøyfjor­den.
 ??  ?? Verksemda har planar om å elektrifis­era knuseverke­t og å flytta det til ein hall inne i fjellet. Alle slike tiltak må no venta.
Verksemda har planar om å elektrifis­era knuseverke­t og å flytta det til ein hall inne i fjellet. Alle slike tiltak må no venta.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway