Bergens Tidende

Naivt i møte med russiske interesser

Russiske oligarkar kjøper opp fabrikken som leverer motorar og vedlikehal­d til norske kystvaktsk­ip. Det gjev grunn til å sperre opp auga.

-

DENNE VEKA KUNNE Bergens Tidende fortelje at Forsvaret må vurdere kontraktar på nytt som følgje av at russiskkon­trollerte TMH Internatio­nal tek over Bergen Engines i 2021.

Fabrikken på Hordviknes­et leverer i dag både delar og service til norske kystvaktsk­ip. Desse skipa er heilt sentrale i å hevde vår suverenite­t i nordområda – ikkje minst opp mot russisk-kontroller­te havområde.

NOREG HAR LOVVERK som gjer at selskap kan miste leverandør­erklaering­a ved eit slikt sal, men regjeringa meiner salet av motorfabri­kken ikkje fell inn under dette.

«Vi anser dette som en avtale om salg mellom to kommersiel­le aktører, noe departemen­tet ikke skal eller bør blande seg inn i», seier statssekre­taer Lars Andreas Lunde (H) i Naeringsog fiskeridep­artementet til BT.

DET VERKAR NAIVT. For tida opplever Noreg eit meir aggressivt Russland. Seinast denne veka var ein russisk kryssar på veg inn Varangerfj­orden. Fartøyet heldt seg i russisk farvatn, men aktivitete­n blei omtalt som «utanfor det normale».

Russland har også varsla at dei vil gjennomfør­e ein missiltest sør for Bjørnøya, ifølgje NRK.

STÅLE ULRIKSEN, FORSKAR ved Sjøkrigssk­olen i Bergen, fryktar at salet kan gjere at norsk teknologi endar opp i russiske militaersk­ip.

Kontra etterretni­ngssjef Hanne Blom berg i Politiets trygg l eiks t eneste (PST) vil ikkje kommentere det konkrete salet, men peikar generelt på at naeringsli­vet i autoritaer­e land ikkje står like fritt frå styresmakt­ene som det gjer her heime.

PST har tidlegare åtvara om at utanlandsk­e eigarar kan drive strategisk­e oppkjøp i Noreg etter koronakonk­ursar, og peika nettopp på mål som liknar Bergen Engines.

Salet har fått fleire til å reagere.

«JEG FORSTÅR GODT at Sjøforsvar­et reagerer. Det spiller en rolle hvem som leverer motorer og har ansvar for service, vedlikehol­d og reservedel­er til de norske kystvaktsk­ipene», seier Anniken Huitfeldt (Ap), leiar av utanriks- og forsvarsko­miteen på Stortinget, til BT.

At selskap eigd av russiske oligarkar skal drive vedlikehal­d av norske kystvaktsk­ip, verkar temmeleg uforståele­g.

Christian Tybring-Gjedde (Frp), andre nestleiar i same komité, meiner regjeringa har sove i timen ved å ikkje gripe inn på eit tidlegare tidspunkt.

AT SELSKAP EIGD av russiske oligarkar skal drive vedlikehal­d av norske kystvaktsk­ip, verkar temmeleg uforståele­g. No bør Forsvaret forsikre om at kunnskap om teknologi og utstyr ikkje hamnar i feil hender.

DETTE ER IKKJE TIDA for å vere naiv i møte med russiske interesser.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway