Bergens Tidende

Reiselivet på Vestlandet må vere så enkelt at sjølv Oslofolk kan ta seg fram

- OLIN JOHANNE HENDEN Eigar av Nordfjord Aktiv på Sandane i Gloppen

VI HAR IKKJE gløymt deg, Torgrim Eggen. Dommaren som kom frå Oslo i fjor sommar for å fortelje heile Norge at Sogn og Fjordane hadde få lyspunkt innan reiselivet. Det som irriterte meg mest med saka di i Dagens Naeringsli­v, var alt du ikkje visste. Og kvifor gjorde du ikkje det?

Som eigar av ei lita og nystarta reiselivsb­edrift vart fjoråret ei alvorleg realitetso­rientering. Det vart tydeleg at vi er små, sårbare og vanskelege å finne. Skal små verksemder i distrikta overleve, anten vi driv kafe, aktivitets­bedrift, hotell eller gardsturis­me, må vi bli meir proffe.

VI HAR KNAPT med tid. Det ser ut til å bli norgesferi­e på dei fleste av oss. Korleis skal Torgrim Eggen få vite at Sogndal Skisenter serverer prima middag ein søndag i januar? At du kan bu i den spektakula­ere Sandalen og kjøpe ferske bakarvarer på Byrkjelo? At Nordfjord har fersk fisk, utandørs boblebad og kajakkpadl­ing i saerklasse?

I mi bedrift jobbar vi med søkemotoro­ptimaliser­ing, GDPR, marknadsfø­ring og mykje meir. Korleis er det mogleg å bli meir profesjone­lle på dette, når reiselivet har mange små aktørar som driv med låge marginar?

FØRST AV ALT må vi møtast. Midlar til gode nettverk kan fort betalast tilbake i utveksling av erfaringar og arbeidsdel­ing. Vi må finne modellar som tek vare på det unike vertskapet og idealismen, samtidig som vi utviklar samarbeid som styrkar kvarandre.

Og kanskje vi kan få ein million eller ti til å utvikle oss inn mot ein ambisiøs bransjesta­ndard som tek reiselivet inn i ei framtid der berekraft og god drift gjev utvikling for lokalsamfu­nna?

DÅ KAN DEI fleire hundre små reiselivsb­edriftene som vi no har, stå klare til norske og utanlandsk­e turistar for alvor begynner å reise att.

Å servere god mat og få det til å lønne seg, er krevjande. Restaurant­ar og kafear kjempar ein beintøff kamp for å overleve no. Vi må stå saman for ei naering som er så viktig for trivsel og reiseliv.

JOBBAR VI GODT med dette, kan det hende Torgrim Eggen finn etande mat og ei god seng. Vi må bruke dei som kritiserer oss til å bli betre. Elles vil det bli fleire sår å sleike enn såret etter Eggen.

 ??  ?? DISTRIKTSO­PPRØRET BTs gjesteskri­bentar vil i 2021 gje nye perspektiv på sentralise­ring, by og land.
DISTRIKTSO­PPRØRET BTs gjesteskri­bentar vil i 2021 gje nye perspektiv på sentralise­ring, by og land.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway