Gje meg vidareutdanning, ikkje pensjonistkurs
Det er på tide med ein ny utdanningsrevolusjon i distrikta.
KORLEIS SKAL VI få rekruttert sjukepleiarar, legar, ingeniørar og anna kompetanse som både kommunane og naeringslivet har bruk for her i distrikta?
Statsministeren ber om at kvinner som meg, i alderen 50 +, må få tilbod om etter- og vidareutdanning, ikkje pensjonistkurs. Dei einaste som ikkje tar synleg del i debatten, er dei som kan gjere noko med det – utdanningsinstitusjonane sjølve.
NORMANN-UTVALET VIL LEGGE til rette for at dei som bur i distrikta må få ta høgare utdanning der dei bur, slik at dei som alt er i bygdene slepp å reise til byen for å ta meir utdanning.
Det er ikkje rakettforsking – og med all respekt; det burde Høgskulen på Vestlandet og dei andre offentlege utdanningsinstitusjonane ha kome på heilt av seg sjølv, for lenge sidan. NHH og BI har gode, nettbaserte tilbod.
DET ER TO «men» her: Dette er utdanningar som har ein mykje høgare kostnad enn dei offentlege tilboda. Nettbaserte studium er også krevjande for mange som ikkje har vore student på ei stund, sjølv med eit kvantesteg i digital kompetanse etter eit år med koronavirus.
Mange som jobbar i reiselivet er sjølvlaerte, har fagbrev eller anna vidaregåande utdanning. Ein høgskule der ein får vidareutvikla kompetansen gjennom eit praktisk studietilbod, ville gje dei som no er hardast råka eit godt alternativ, og auka kompetanse i ei naering som treng det.
Over tid kan dette få mykje å seie for reiselivsutviklinga i distrikta dersom kompetansen blir verande. Vi treng utdanningstilbod i bygdene slik at dei som jobbar som pleieassistent og ønskjer å bli sjukepleiar kan gjere det utan å måtte flytte.
TENK OM DET hadde vore ein permanent avdeling av Høgskulen på Vestlandet – gjerne i samarbeid med Handelshøgskulen NHH, på stader som Voss, der ein kan ta sjukepleiar, ingeniør, laerar, økonomi og andre utdanningar på heil- og deltid, gjerne med ein kombinasjon av nettstudium og samlingar.
Karriereutvikling er mogeleg å få til på bygda og, men då må vi legge til rette for det, og tilboda må vere permanente. Vi treng ikkje fleire «prøve- eller pilotprosjekt».
EG VIL GJERNE ha vidareutdanning, ikkje pensjonistkurs.