Bergens Tidende

Regjeringa­gjg bremsar kampen mot kvitvaskin­g

LEIAR: Regjeringa gjer det lettare for kriminelle å eige norske bedrifter, ved ikkje å følgje innstillin­ga frå Stortinget.

-

REGJERINGA FÅR KRAFTIGkri­tikk fråmelloma­ndre politifolk somjobbarm­ed økonomisk kriminalit­et. Bakgrunnen er ei ny forskrift. Den såkalla eigarskaps­forskrifta skulle hindre at utanlandsk­e selskap kan eige norske bedrifter, utan at det kjemframkv­a personar somstår bak.

Stortinget vedtok å opprette eit eigarskaps­register, der opplysning­ar omdei reelle eigarane av norske bedrifter og eigedommar kjem fram.

Målet med registeret er å hindre at utlendinga­r og nordmenn brukar norske bedrifter til kvitvaskin­g, terrorfina­nsiering, korrupsjon og anna kriminalit­et.

Skal det skje, må politiet og pressa ha tilgang til kven somer dei reelle eigarane, noko somkan vere svært vanskeleg å finne ut av elles.

MEN REGJERINGA HAR vatna ut forskrifta, i høve til det somvar innstillin­ga frå Finanskomi­teen i Stortinget.

Mellom anna har regjeringa bestemt at registeret ikkje treng å innehalde opplysning­ar somfinst andre stader. Det vil gjere avsløring av kriminalit­et vanskelega­re.

Norsk Økrimforen­ing og Pressas Offentlegh­eitsutval krev no at forskrifta blir trekt tilbake, og erstatta med ei somfølgjer vedtaket i Stortinget.

REGJERINGA­S HANDLEMÅTE er uforståele­g. Ein ting er at deimed dette køyrer over Stortinget. Det viktigaste er likevel innhaldet i saka, og dei konsekvens­ar det kan få.

Bakgrunnen for forskrifta er kvitvaskin­gsdirektiv­et til EU frå 2015. Formålet er å hindre kriminalit­et. Bergen Engines-saka viser òg at opplysning­ar omreelle eigarar er viktig av omsynet til nasjonal tryggleik.

STATSSEKRE­TÆR KARI OlrudMoen (H) i Finansdepa­rtementet seier til E24 at det har vore viktig å unngå unødvendig dobbeltrap­portering. Generelt er det eit godt prinsipp, meni denne saka undergrev det formåletme­d forskrifta.

Departemen­tetmeiner òg at andre sider ved vedtaket til Stortinget ikkje bør gjennomfør­ast, mellom anna for børsnotert­e selskap.

Det kan vere gode grunnar for at ikkje alt i Stortinget­s vedtak kan følgjast. Men regjeringa kan ikkje avgjere det på eiga hand.

Dei bør difor trekke tilbake forskrifta, og kome med ei somfølgjer intensjone­n til Stortinget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway