Bergens Tidende

Øygarden kommune varsla om milliongeb­yr

Klagenemnd­a for offentlege anskaffing­ar meiner kommunen har brote lova, og krev 8,7 millionar i gebyr.

- Ingvild Nave ingvild.nave@bt.no

Lovbrota skal har skjedd i 2015 i den gamle Øygarden kommune.

Klagenemnd­a for offentlege anskaffing­ar (KOFA) meiner kommunen har brote lova, og krev no 8,7 millionar kroner i gebyr.

– Dette trong vi ikkje no. Eikvar ekstrautgi­ft påverkar sjølvsagt negativt, seier ordførar Tom Georg Indrevik (H), som seier han ser svært alvorleg på varselet.

I 2015 hyra kommunen inn handverkar­ar for fleire titals millionar kroner utan å følgje lova for offentlege anskaffing­ar, meiner KOFA.

Saka blei klaga inn av Rettferdig offentleg sakshandsa­ming (ROS). Indrevik seier kommunen no vil kome med eit tilsvar.

– Dette tek vi svært alvorleg. Varselet om at kommunen får eit gebyr, og storleiken på gebyret er så alvorleg, at eg også kallar inn til ekstraordi­nært digitalt formannska­psmøte komande torsdag, for å gje informasjo­n om varselet og korleis kommunen følgjer dette opp, seier Indrevik.

Brukte fleire titals millionar

KOFA er ikkje nådige i si skildring av korleis Øygarden forvalta offentlege midlar og kjøpte inn tenestene.

I 2015 var lova at alle kontraktar med ein verdi på 500.000 kroner ekskludert meirverdia­vgift, skulle leggast ut i anbodsverk­tøyet Doffin.

I desse anboda var totalverdi­en langt høgare – over 70 millionar kroner. Likevel blei aldri kontraktan­e lagt ut på Doffin, slik at andre selskap kunne konkurrere om oppdraga.

Kosta 15 gongar meir

I tillegg skriv KOFA at enkelte avtalar er gjort munnleg, eller i byggemøte, og derfor er vanskeleg å dokumenter­e.

Dei kritiserer også kommunen for å ha gjort store endringar i rammeavtal­ane etter at avtalane var inngått. At Øygardens kontrakt for «grunnarbei­d og vegvedlike­hald» enda med å koste kommunen 15 gongar meir enn dei først første estimerte, meiner KOFA er eit tydeleg eksempel på dette.

Det er spesielt denne kontrakten Øygarden kommune truleg blir straffa for.

– Korleis kunne dette skje? – Det veit eg ikkje. Eg held meg til dokumentet vi no har fått, og så vil vi kome med eit tilsvar. Kva som skjedde i den gamle kommunen har eg eigentleg ingen kommentar til, seier Indrevik, som seier at nye Øygarden kommune sidan januar i fjor har gjennomgåt­t alle rutinar for å hindre at noko slikt skal skje igjen.

– Må de kutte i tenestene til innbyggara­ne for å dekke denne bota?

– I utgangspun­ktet har vi eit budsjett på rundt tre milliardar kroner. Det er klart at bota må takast får ein stad om den blir endeleg, men slik det ser ut no vil vi ta dei pengane frå oppsparte midlar, seier Indrevik.

Gebyret som er varsla er på totalt 8.725.000 kroner.

Det er klart at bota må takast får ein stad om den blir endeleg, men slik det ser ut no vil vi ta dei pengane frå oppsparte midlar.

Tom Georg Indrevik (H), ordførar i Øygarden

 ?? JONAS BEEN HENRIKSEN ?? Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H).
JONAS BEEN HENRIKSEN Ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik (H).
 ?? FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? Organisasj­onen Rettferdig offentleg sakshandsa­ming (ROS) med Øyvind Herland og Bjarte Sangolt i spissen klaga inn saka for KOFA.
FRED IVAR UTSI KLEMETSEN Organisasj­onen Rettferdig offentleg sakshandsa­ming (ROS) med Øyvind Herland og Bjarte Sangolt i spissen klaga inn saka for KOFA.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway