Bergens Tidende

Lei av grå skyer og regn? Snart kjem sola tilbake.

Senere i uken kan det bli mye pent vêr på Vestlandet.

- Sindre Osland Yndestad sindre.osland.yndestad@schibsted.com

– Det ser ut til at det etter kvart blir ganske så pent vêr i Vestland fylke, seier Per Egil Haga, vakthavand­e meteorolog ved Meteorolog­isk institutt.

Den siste veka har vêret vore prega av grå skyer og regn, men det er i ferd med å endre seg. Allereie i dag kjem sola til Vestland, men temperatur­ane vil nok ikkje stige over 20 grader, ifølgje meteorolog­en.

Blir best frå onsdag og utover

På tysdag blir det derimot ikkje like fint, då ei frontsone passerer.

– Dette fører nok til skydekke og kanskje regn, seier Haga.

På onsdag ser det ut til at eit høgtrykk skal etablere seg, med senter i Storbritan­nia. Dette gir bra vêr på Vestlandet.

– Frå onsdag og utover vil det bli solvêr og stigande temperatur­ar.

Temperatur­en er venta å ligge mellom 20 og 23 grader dei fleste stadar i Vestland.

– Om det ikkje blir tropevarme, så er det i alle fall gode sommarlege temperatur­ar. Det vil også vere rolege vindforhol­d, både på kysten og for dei som skal på fjellet, seier meteorolog­en, og legg til:

– Bergen er stort sett ikkje den staden ein får dei høgaste temperatur­ane, som ein får når ein kjem litt lenger inn i fjordane. Men det ser ut til at det blir godt over 20 grader også i Bergen.

Kan bli regn igjen etter helga

Ifølgje meteorolog­en kan det bli 25 grader enkelte stadar i Vestland i helga, men etter det ser det ut til at moroa er over.

– Det er litt usikkert korleis det blir når vi passerer søndag. Det kan sjå ut som at lågtrykk vil dominere frå sør, noko som gir mogeleghei­t for skyer og regn igjen, seier Haga.

Meteorolog­en summerer opp den neste veka slik:

– Vestlandet har ei god sommarveke i vente, med atterhald om på tysdagen.

rå onsdag og utover vil det bli solvêr og stigande temperatur­ar.

Per Egil Haga, vakthavand­e meteorolog

 ?? TUVA ÅSERUD ?? Vestlandet har ei god sommarveke i vente.
TUVA ÅSERUD Vestlandet har ei god sommarveke i vente.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway