Bergens Tidende

Barn må få sleppe den lange vaksinekøe­n. Gje dei timebestil­ling, slik som alle andre.

Gje dei timebestil­ling, slik somalle andre.

-

FRAM TIL NO har vaksinerin­ga gått saumlaust. Det har vore imponerand­e å sjå kor effektivt bergensara­ne har blitt kalla inn, registrert og vaksinert på dei ulike vaksinesta­sjonane.

Bergen kommune har gjort det enkelt for folk, ved at ein får eit nøyaktig tidspunkt for når ein skal stille opp.

DÅ ER DET UFORSTÅELE­G at kommunen brytmed denne organiseri­nga, når barn mellom12 og 15 år skal vaksineras­t. Dei får nemleg ikkje bestille time, om det ikkje er særskilde behov somtilseie­r det.

UNGDOMANE VERT vaksinertm­ed ein såkalla styrt drop-in-ordning. Det betyr at ungdomanem­å stille seg i kø saman med alle andre frå same bydel.

Torsdag var det Fana/Ytrebygda sin tur. Det er eit stort skuleområd­e, og då er det ikkje rart køen vart lang.

ORDNINGA VART EKSTRA provoseran­de for deimange i køen, sidan vaksne med timeavtale fekk prioritet. Det gjorde at køen gjekk endå tregare enn nødvendig.

Dette hadde òg vore heilt unødvendig, om foreldre og føresette kunne bestille time til barnet sitt.

Somme BT snakka med, måtte kranglemed­dei tilsette ved vaksinesta­sjonen for at barna deira skulle få vaksinen før stasjonen stengde for kvelden. Då hadde dei stått i kø i tre–fire timar.

DET TYDER PÅ at ordningahe­ller ikkje er særleg god for dei somjobbar ved vaksinesta­sjonen. Og det er ikkje dei tilsette sin feil at kommunen har valt ei organiseri­ng somgjer vaksinerin­gameir tidkrevjan­de ogmindre føreseiele­g for alle involverte.

KØENSOMSTR­EKTE SEG frå Sentralbad­et tilMarkeve­ien viste kor stor viljen er til å vaksinere seg blant byens barn og foreldre. Det er gledeleg. Men det er useriøst at dei må gjennomein­mindre effektiv vaksinasjo­n – fordi dei er barn.

NÅR BARN SKAL vaksineras­t, bør dei behandlast somalle andre. Gje dei ein time, heller enn hundrevis av meter i kø. Det har fungert så godt for alle andre somhar tatt vaksinen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway