Bergens Tidende

Torsdag blei det ampert. Fredag var køen borte.

- Målfrid Bordvik malfrid.bordvik@bt.no

Bergen kommune har tatt grep etter køkaoset torsdag.

Gjennom heile veka har det vore lange køar til vaksinesta­sjonen på Sentralbad­et. Det toppa seg torsdag då køen sto 300 meter frå inngangen.

Hundrevis av ungdommar frå Fana og Ytrebygda blei ventande i fleire timar. Då ein del fekk beskjed om å dra heim, blei stemninga amper.

Fleire kritiserte kommunen for dårleg organiseri­ng.

– Skremt vekk

Då BT er utanfor Sentralbad­et i 17-tida fredag, er det ingen kø.

– Fekk du ikkje vaksine torsdag , kan du kome i dag (fredag) . Du går rett inn, seier vaksinesje­f Hossein Tehrani nøgd.

Han trur nokon kan ha latt seg skremme av køane torsdag.

– Det er det ingen grunn til, understrek­ar han, og oppmodar fleire om å kome.

Før vaksinesta­sjonen opna fredag, var det ein del som hadde stilt seg i kø for å vere sikre på å få vaksinen.

Drop-in-tilbodet for ungdommar mellom 12 og 15 år varte frå klokka 14 til 18. Fredag ettermidda­g var sett av til dei som bur i Bergenhus og Årstad bydel.

– Men det er ingen som kontroller­er kva bydel du kjem frå, seier Tehrani.

– Betyr det at Fana-ungdommar som ikkje fekk i går, kan kome til i dag?

– Ja, seier Tehrani.

Ekstra vaksinedag

Etter køkaoset torsdag har kommunen gjort fleire grep.

Laurdag er det ekstra drop-indag for 12–15-åringane i Sentralbad­et frå klokka 09.30 til 15.30.

Det blir sett av 1200 dosar til denne dagen, opplyser prosjektle­iar for vaksinerin­ga, Elisabeth Engelsen, i ein e-post til BT.

– Erfaringan­e frå vaksinerin­ga denne veka viser at mange i denne aldersgrup­pa ønskjer å ta imot vaksinen. Vi vel difor å legge til rette for ein ekstra vaksinedag i morgon (laurdag) , når det er skulefri for ungdommane, skriv Engelsen.

Ho minner om at det kan vere kø og ber folk vere tolmodige. Dersom køen blir for lang, kan

Men det er ingen som kontroller­er kva bydel du kjem frå. Hossein Tehrani, vaksinesje­f

innbyggara­ne bli bedt om å kome tilbake i neste veke til bydelsvis drop-in.

 ??      MÅLFRID BORDVIK ?? Det var kort ventetid for dei som ville ta vaksinen fredag.
MÅLFRID BORDVIK Det var kort ventetid for dei som ville ta vaksinen fredag.
 ??      MÅLFRID BORDVIK (ARKIV) ?? Christian Taule frå Fana og døtrene Caroline (12) og Julianne (13) hadde stått i kø sidan klokka 17 og var blant dei aller siste som fekk vaksine torsdag.
MÅLFRID BORDVIK (ARKIV) Christian Taule frå Fana og døtrene Caroline (12) og Julianne (13) hadde stått i kø sidan klokka 17 og var blant dei aller siste som fekk vaksine torsdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway