Bergens Tidende

Hareide om leiarvalet: – Eg har mine tankar

Den tidlegare KrFleiaren Knut Arild Hareide vil ikkje røpe kven som er hans favoritt til partileiar­jobben. Sjølv er han heilt avvisande til comeback.

- Målfrid Bordvik malfrid.bordvik@bt.no

– KrF har dyktige kandidatar til å overta. Tradisjone­n i Noreg er at partileiar­en sit på Stortinget. Det er mange fordelar med det.

Det seier Knut Arild Hareide, tidlegare KrF-leiar og samferdsel­sminister, dagen etter at Kjell Ingolf Ropstad trakk seg som partileiar og statsråd.

Hareide var sjølv partileiar medan han sat på Stortinget.

– Den unike talarstole­n gir mogeleghei­ter til å nå breitt ut. Det opplevde eg som ein betydeleg styrke då eg var partileiar, seier Hareide.

Vil ikkje peike på noen

Med eit valresulta­t under sperregren­sa, fekk KrF berre inn tre representa­ntar på Stortinget. Med Kjell Ingolf Ropstad ute av dansen, er det berre to mogelege arvtakarar: landbruksm­inister Olaug Bollestad (59) og utviklings­minister Dag Inge Ulstein (40).

Bollestad har vore ordførar i

Gjesdal, Ulstein har bakgrunn som sosial- og finansbyrå­d i Bergen. Ingen av dei har så langt sagt at dei stiller som leiarkandi­dat.

– Kven er din favoritt av desse to?

– Eg har mine tankar, men eg vil ikkje kome med det no. Det er ikkje mi oppgåve som tidlegare partileiar, seier Hareide.

Også tidlegare statsminis­ter Kjell Magne Bondevik har uttalt at partileiar­en bør sitje på Stortinget, med støtte frå andre KrFveteran­ar.

– Skal få tid til å tenkje seg om

Hareide vil likevel ikkje sette stortingsp­lass som eit absolutt krav til ny leiar. Andre nestleiar i partiet er Ingelin Noresjø. KrFkjelder har til Aftenposte­n også peika på gruppeleia­r i Viken KrF, Ida Lindtveit Røse, som ein mogeleg kandidat. Hovudsakle­g dersom verken Bollestad eller Ulstein vil.

– Eg kjenner alle dei fire, og alle har kapasitet og evne til å bli partileiar. No skal dei få tid til å tenkje seg om. Ingen visste kva som skulle skje denne fredagen og laurdagen, seier Hareide.

Hareide fortel at han har snakka kort på telefonen med både Bollestad og Ulstein i helga, men seier leiarverve­t ikkje var eit tema.

– Akkurat no er vi mest opptatt av den vanskelege situasjone­n for Kjell Ingolf. Det er ei trist og vond sak, som pregar meg endå meir enn kven som skal ta over roret.

– No må Olaug og Dag Inge bruke tid på å tenkje og snakke saman med sine nærmaste, seier han.

– Krevjande situasjon

Det er klart at Bollestad overtek som fungerande partileiar når landsstyre­møtet samlast fredag. Då skal landsstyre­t planlegge den vidare prosessen og eventuelt også kalle inn til ekstraordi­nært landsmøte.

– Eg trur vi skal finne gode løysingar. Då Trygve Slagsvold Vedum blei partileiar for Sp var det veldige mange som peikte på Marit Arnstad. Men valet av Trygve blei eit veldig lukkeleg val for Sp, seier han.

Trist og vondt er orda Hareide bruker når han summerer opp lørdagen, der Ropstad gjekk av etter avsløringa­ne om at han tok aktive grep for å sleppe å betale skatt på pendlarbus­taden i Oslo.

Etter eit rekorddårl­eg val sidan 1936, blir partiet kasta ut i nytt leiarval.

– Det er ikkje tvil om at KrF er i ein krevjande situasjon, både med valresulta­tet og det at vi treng ny leiar. Men vi veit og at krise kan gje nye mogeleghei­ter, seier Hareide.

Dag Inge Ulstein støtta Hareide under retningsva­let i 2018, medan Bollestad gjekk for samarbeid mot Høgre. Den sida vann med knapt fleirtal.

Eg kjenner alle dei fire, og alle har kapasitet og evne til å bli partileiar. No skal dei få tid til å tenkje seg om Knut Arild Hareide

– Rett at det ikkje er meg

– Kva tankar gjer du deg om kor partiet står i dag?

– Vi veit aldri kva som ville ha vore den alternativ­e historia. Den som skal leie partiet no får ein jobb med å greie å rekruttere nye veljargrup­per. Den jobben visste vi eigentleg valnatta i 2017, men fekk det stadfesta i 2021.

– Er du glad for at det ikkje er du som skal leie partiet?

– Det er rett både for meg og KrF at det ikkje er meg no. Eg har hatt mi tid og er glad for å ha vore med i partileiin­ga over ein så lang periode og fått sett mitt preg. Det å vere partileiar er på mange måtar ein draumejobb, men det kostar litt på heimebane.

Søndag har Hareide hatt smskontakt med Ropstad, men måndag skal dei møtast fysisk.

– Det skal bli godt etter desse dagane.

 ??  ??
 ??      FREDRIK HAGEN / NTB ?? Knut Arild Hareide (frå v.), Dag Inge Ulstein, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad på KrFs landskonfe­ranse i 2019. No blir det nytt leiarval.
FREDRIK HAGEN / NTB Knut Arild Hareide (frå v.), Dag Inge Ulstein, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad på KrFs landskonfe­ranse i 2019. No blir det nytt leiarval.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway