Bergens Tidende

Ei hyllest av den normale læraren

Dette er eit forsvarssk­riv for valkampen si mest utskjelte yrkesgrupp­e.

- Eirik Strømme Spjeld Lærar, Stord

GJENNOM VALKAMPEN høyrde me igjen politikara­ne snakka varmt om den idealisert­e drøymelæra­ren, men det har aldri vore særskilt til skryt å få for dei som faktisk er lærarar. Noreg treng ikkje, som Erna Solberg og Guri Melby går på repeat om, betre lærarar. Noreg treng at den normale læraren maktar å stå i yrket.

Dette er ei hyllest av den normale og jordnære læraren som no er i ferd med å få nok. Den solide læraren som elevar og foreldre har tillit til. Den realistisk­e læraren som forstår at det ikkje finst nokon pedagogisk trylleform­el. Læraren som ikkje er kateterfly­ktning, men forstår at eitt fag i eitt klasserom ofte er det beste for elevar i grunnskule­alder.

DETTE ER EI HYLLEST av læraren som har jobba i 10, 20 eller 30 år og får beskjed frå politiske broilerar om at kompetanse­n ikkje er god nok. 10, 20 eller 30 år er ikkje godt nok for broilerane.

Ein må tileigna seg fleire studiepoen­g, på ein høgskule eller eit universite­t, frå førelesara­r som nettopp er uteksamine­rte frå ein høgskule eller eit universite­t sjølv. Kompetanse­heving kallar broilerane dette.

DETTE ER EI HYLLEST av læraren som er medmennesk­e, ikkje marionett. Læraren, som på grunn av alle åra med realkompet­anse i skulen, forstår at rettferd ikkje er å handsama alle likt.

Læraren som har det i seg å vera streng med dei som treng det, men som tilpassar seg overfor dei som har behov for ei anna tilnærming. Læraren som elevane har forstått at dei ikkje kan lura, men som dei veit dei kan stola 100 prosent på når dei faktisk treng det. Læraren som har røynsle nok til å forstå at det å ri paragrafar ikkje alltid er vegen å gå i skulen.

DETTE ER EI HYLLEST av den jordnære læraren som styrer unna pedagogisk­e flosklar. Læraren som ikkje jaktar meiningsla­us utvikling, men dreg i handbremsa når politikara­r eller kollegaer byggjer luftslott som skal ta av dyrebar undervisni­ngstid.

Læraren som prioritere­r grundig undervisni­ng i grunnleggj­ande ting, framfor svulstige opplegg som ser fine ut på papiret, men som kollapsar når dei vert sette ut i livet. Læraren som vågar å gje uttrykk for at ein del av desse opplegga vil ta så mykje tid at det går langt utanpå arbeidstid­savtalen.

DETTE ER EI HYLLEST til læraren som veit at han aldri vert nokon lønsvinnar. Læraren som i gode tider for landet får beskjed om at løna ikkje kan justerast opp, for då vil renta stiga. Læraren som i dårlege tider for landet får beskjed om at løna ikkje kan justerast opp, for det vil senda feil signal.

Dette er ei hyllest av læraren som forstår at det er naturleg at det er variasjona­r i både resultatet på nasjonale prøvar og i karaktersn­itt på elevgruppe­ne frå år til år. Dette er visst vanskeleg for overordna organ å forstå. Trur dei det er sko skulen produserer? Då har eg i tilfelle nyhende til dei: Skulen utviklar gangs menneske, og menneske kjem framleis ikkje ut på samleband.

Faren no er at lærarane er i ferd med å forsvinna ut av skulen på samleband.

 ??      GORM KALLESTAD / NTB ?? Problemet med den norske skulen er ikkje at lærarane er for dårlege, meiner innsendare­n.
GORM KALLESTAD / NTB Problemet med den norske skulen er ikkje at lærarane er for dårlege, meiner innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway