Bergens Tidende

Stortinget må rydde opp

Tilliten til våre folkevalde er avhengig av at dei ikkje utnyttar fornuftige ordningar til eiga vinning.

-

Til sjuande og sist ligg difor ansvaret på den einskilde, for ikkje å utnytte ordningane til eiga vinning.

SKATTESAKA SOM felte KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad handlar først og fremst om dårleg personleg dømekraft. Men saka har ògavdekt ein oppsiktsve­kkande mangel på kunnskap og kontroll frå administra­sjonen på Stortinget. No må det ryddast opp skikkeleg.

INGENBURDE VOREmeir påpasseleg­med å følgje lovar og reglar enn Stortinget. Dei vedtek lovene, og bør difor følgje dei til punkt og prikke. Viss ikkje vil dei undergrave sin eigen autoritet, ogmed det tilliten til vårt politiske system.

Like fullt viser det seg at Stortinget ikkje har kjent til skatteregl­ane for representa­ntar somfår pendlarbus­tad av staten. Ifølgje Skatteetat­en, skal representa­ntane betale skatt for fordelen ved pendlarbus­tad, viss dei ikkje har utgifter på bustad i heimkommun­en.

DETTE RÅKAR IKKJE berre Ropstad, som ikkje betalte ei krone for guterommet hjå foreldra der han var folkeregis­trert. Fleire andre stortingsr­epresentan­tar har vore i same situasjon, mellom andre noverande klima ogmiljøver­nminister Sveinung Rotevatn (V).

Stortingsp­resident Tone W. Trøen (H) seier tilAftenpo­sten at dei ikkje har kjent til denne skatterege­len. Det trass i at Stortinget ifølgje Trøen har vore i samtalarme­d Skatteetat­en i over eit år omsaka.

Det opnar for at Skatteetat­en òg er medskuldig i rotet somhar oppstått. Det gjer ikkje saka betre.

NOREG ER EIT LANDmedhøg tillit til politikara­r. Tilliten er ein av landets viktigaste ressursar, noko somvart tydeleg i måten folket følgde opp regjeringa­s tiltak under koronapand­emien.

Å ta vare på denne tilliten bør difor vere den fremste prioritete­n til dei som gjev dei folkevalde råd og rettleiing, men òg til dei folkevalde sjølve.

BÅDE PENDLARBUS­TAD og andre ordningar sometterlø­n er viktige for at alle skal kunne represente­re folket på Stortinget, uavhengig av kvar dei kjem frå og kor god råd dei har.

Men då kviler det òg eit tungt ansvar på dei folkevalde om ikkje å utnytte desse ordningane. Ordningane er i stor grad basert på at dei folkevalde sjølve er ærlege omsin eigen situasjon.

Til sjuande og sist ligg difor ansvaret på den einskilde, for ikkje å utnytte ordningane til eiga vinning. Det burde ikkje vere så vanskeleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway