Bergens Tidende

Spørsmålet er om KrF vil vere på lag med vanlege kristne.

I dag er ikkje KrF ein gong aktuelt for vanlege kristne. Ein ny leiar må få eitmandat til å fornye partiet.

- JENS KIHL,

Den neste KrF-leiaren må få med seg eit mandat til å gjennomfør­e ei kraftig fornying av både språkbruk, profil, strategi og truleg hovudsaker om partiet skal ha ein sjanse.

KOR MANGE KRISER står eigentleg KrF i no? For å ta eit lite utval:

● Partiet rauk under sperregren­sa og får berre tre plassar på Stortinget.

● Dei er no berre represente­rt i nasjonalfo­rsamlinga frå Sørvag vestlandet.

● Partiet er framleis ikkje samla etter retningsva­let i 2018. Mange kjeldermel­deromei kjensle av apati internt.

● KrF er Noregs mest mislikte parti, ifølgjeMed­borgerpane­let.

● Hovudsaken­e til partiet var i svært liten grad på dagsordene­n gjennom valkampen, og det er lite somtyder på at det vil endre seg med det første.

● Partietmis­tar fleire tusenmedle­mer i året – og har gjort det i fleire år.

● I helga måtte partileiar Kjell IngolfRops­tad gå av etter temmeleg aggressiv skatteplan­legging.

● Og kanskje like ille: Allereie i dag skrivmedia omheilt andre ting. Folk der ute bryr seg rett og slett ikkje noko særleg om KrF.

ARVTAKAREN til partileiar­vervet harmed andre ord ei heilt formidabel oppgåve framfor seg. Hen (for å bruke eit ord KrF-arane ikkje liker) må gjereKrF relevant frå ein posisjon somminipar­ti, somattpåti­l vil stå på utsida av relevante forhandlin­gsfleirtal.

Den neste KrF-leiaren må få med seg eit mandat til å gjennomfør­e ei kraftig fornying av både språkbruk, profil, strategi og truleg hovudsaker ompartiet skal ha ein sjanse.

Det treng ikkje handleomve­gval mellomhøgr­e og venstre. KrF må rett og slett velje om dei vil framover eller bakover.

Eit underliggj­ande problem, somhar vore for lite diskutert, er korleis Kristeleg Folkeparti i stadig mindre grad er eit parti kristne flest kunne tenkje seg å røyste på.

KNUT ARILD HAREIDE ermedlem av Den norske kyrkja. Det er ikkje utenkjeleg at han blir den siste KrF-leiaren derfrå. Kjell Ingolf Ropstad ermed i Oslo Misjonskir­ke Betlehem, somhøyrer til i Misjonskir­ken Norge.

Den har tidlegare fått kritikk for å vere med i nettverket Til helhet, somvilomve­nde homofile til å bli heterofile ved hjelp av bøn. Det er ingen grunn til å tru at Ropstad sjølv trur på dette, men det seier nokoomkva slags kyrkjesamf­unn det er snakk om.

No kan KrF velje mellom Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein. Bollestad er baptist, medan Ulstein er pinseven og aktiv i Salt-kyrkja i Bergen.

SLIK SPEGLAR DEI ei viktig endring i KrF. På nittitalet var omkvedet at «du treng ikkje vere kristen for å røyste KrF». I dag er det ikkje nok å vere kristen for å røyste KrF.

Dei to aller dårlegaste valkrinsan­e for KrF var Hedmark og Oppland, der partiet fekk 1,6 prosents oppslutnin­g. Desse tidlegare fylka svarer tilHamar bispedøme. Omlag åtti prosent av innlending­ane står sommedleme­r avDennorsk­e kyrkja.

Best gjorde KrF det i Agder. Her stårDen norske kyrkja langt svakare. Fire prosent i Innlandet ermed i eit kristent trussamfun­n utanfor Den norske kyrkja. I Agder er talet tre gongar høgare.

DENNORSKE KYRKJA har gått gjennom store endringar dei siste tjue-tretti åra. Det har ikkje KrF gjort. Slik fjernar partiet seg frå det som var den openberre veljarbase­n gjennomhei­le etterkrigs­tida.

I fleire oppslag dei siste dagane har det vore peika på at Bollestad stod på blå side i vegvalstri­den i 2018, medan Ulstein stod på raud side. Av dette sluttar ein gjerne kor radikal eller konservati­v dei tomoglege leiarkandi­datane er.

MenUlstein har tidlegare vore om kor vidt kvinner skal ha sjølvbeste­mt abort, medanBolle­stad har opna for atKrFmåta ein debatt omå gå i den retninga.

Spørsmålet omKrFs moglege død ser annleis ut fråVestlan­det enn frå Oslo. I vest er framleis KrF eitmaktpar­ti lokalt, og kristentru­a står langt sterkare. Men skalKrF ha ein sjanse, er ikkje det viktigaste spørsmålet kven som skal bli partileiar.

SPØRSMÅLET eromKrF vil vere på lag med vanlege kristne.

 ??  ??
 ??      FREDRIK HAGEN / NTB ?? KrF har fire statsrådar. Frå venstre tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hariede, mogleg leiarkandi­dat Dag Inge Ulstein, avtroppand­e leiar Kjell Ingolf Ropstad og mogleg leiarkandi­dat Olaug Bollestad. Ingen har så langt stadfesta at dei er kandidatar.
FREDRIK HAGEN / NTB KrF har fire statsrådar. Frå venstre tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hariede, mogleg leiarkandi­dat Dag Inge Ulstein, avtroppand­e leiar Kjell Ingolf Ropstad og mogleg leiarkandi­dat Olaug Bollestad. Ingen har så langt stadfesta at dei er kandidatar.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway