Bergens Tidende

FO-leiar krev full gjennomgan­g av Nav-systemet etter knivdrapet

– Dette skulle aldri skjedd, seier FO-leiar Mimmi Kvisvik. No meiner ho heile Navsysteme­t må evaluerast. Nav-leiinga lovar ny vurdering av tryggingst­iltak.

- Ingvild Nave ingvild.nave@bt.no Linda Hilland linda.hilland@bt.no

Måndag blei ei kvinne tilsett i Nav drepen etter at ein mann knivstakk henne og ein kollega. Kollegaen, ei kvinne i 30-åra, er lettare skadd etter hendinga.

Knivstikki­nga skjedde medan dei tre sat i møte i eit samtalerom på Nav Årstad.

– Det som har skjedd er djupt tragisk, og skulle aldri skjedd. Det er berre sørgjeleg, seier leiar for fagforeini­nga FO, Mimmi Kvisvik.

No meiner ho det er på tide å ta ein full gjennomgan­g av Navsysteme­t. Ikkje berre for å sikre tryggleike­n til dei tilsette, men også for å sjå om systemet eigentleg gjer jobben sin.

– Dei tilsette i Nav sit med ei oppleving at dei er veldig utsette. Og det stemmer jo. Nav-tilsette har fem gongar så høg risiko som resten av arbeidssto­kken for å bli utsett for trugslar og vald, fortel Kvisvik.

– Mange labyrintar

Ho meiner to ting bør skje no:

Ein må revitalise­re tryggleiks­arbeidet

● i Nav, slik ein gjorde etter drapet på Nav Grorud i 2013. Arbeidstil­synet må og sørgje for at forskrifta om arbeid som kan medføre vald og trugslar blir oppfylt.

Ein bør ta ei full evaluering av

Nav-systemet. Fungerer det slik vi ønskjer? Blir brukarane varetekne? Blir dei tilsette tatt vare på? Samhandlar ein godt nok med andre sosiale tenes

I 2019 oppga 37 prosent av dei tilsette i Nav at dei var blitt utsett for trugslar eller vald.

Ein relativt høg andel oppga også at det ikkje var blitt gjennomfør­t førebyggan­de tryggleiks­arbeid – som risikoanal­ysar eller opplæring.

– Det er på høg tid å finne ut kvar vi står no, seier Kvisvik.

– Meiner du det som skjedde på Nav Årstad var ei varsla katastrofe?

– Ja. Eg synest vi alle saman må spørje oss om vi har gjort nok for å forhindre dette.

Direktør i Nav, Hans Christian Holte, var i Bergen tysdag for å møte dei tilsette og den lokale leiinga etter drapet på ein Nav-tilsett.

Han er samd med Kvisvik om at det trengst ein ny gjennomgan­g av Nav-systemet.

– Det er heilt naturleg at vi, på bakgrunn av denne tragiske hendinga, ser på korleis dei tryggingst­iltaka Nav har i dag står seg.

Nav har eksistert sidan 2006. Det er rundt 15 år sidan, og då kan det vere ein god idé å sjå på om ein har den riktige styringsmo­dellen. Mimmi Kvisvik, leiar for fagforeini­nga FO

 ??      TUVA ÅSERUD ?? Fleire har tent lys og lagt ned blomar utanfor Nav Årstad etter knivdrapet måndag.
TUVA ÅSERUD Fleire har tent lys og lagt ned blomar utanfor Nav Årstad etter knivdrapet måndag.
 ??      FO ??
FO

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway