Bergens Tidende

Fylkespoli­tikarane må gå i seg sjølve, og tenkje gjennom kvifor ein kommune i Sunnhordla­nd ikkje lenger vil vere med i Vestland.

-

IJANUAR SKAL BEFOLKNING­A i Sveio stemmeover kva fylke kommunen skal tilhøyre i framtida. I dag høyrer Sveio til iVestland, og det bør kommunen gjere framover òg. Mange i kommunen har ei sterk tilknyting til Sunnhordla­nd. Frå Sveio og nordovermo­t Stord og Bømlo er kommunikas­jonen god – takka vere trekantsam­bandet.

Spørsmålet er om Sveio er tentmed å gå frå å vere ein ytterkant iVestland i dag, til å vere ein ytterkant iRogaland.

EIT ARGUMENT SOM VERT BRUKT for fylkesbyte, er at Sveio ligg nær Haugesund. Eit fylkesbyte kan samlemeir av Haugalande­t i eitt fylke. Etne vil derimot bli igjen i Vestland.

Koplinga til Rogaland eksisterer i dag, og fungerer godt. Det er skulestruk­turen eit godt døme på.

I DAG GÅR BERRE 13 PROSENT av elevane busett i Sveio på vidaregåan­de skular i Vestland. Resten går på skule i Rogaland, ifølgje ein rapport fråTelemar­ksforsking.

Den har Sveiokommu­nebestilt for å lage eit grunnlag for fylkesbyte­t.

Elevtala viser korleis det inter-fylkeskomm­unale samarbeide­t fungerer, og at fylkesgren­sene ikkje er harde.

VEDTAKET OMFOLKERØY­STING er eit sterkt signal til politikara­ne i Vestland om at Sveio ikkje er nøgdmed situasjone­n i dag. Det kviler eit stort ansvar på fylket for å sørgje for at det finst gode tenester ytst i fylket.

Fylkespoli­tikaranemå gå i seg sjølve, og tenkje gjennom kvifor ein kommune i Sunnhordla­nd ikkje lenger vil vere mediVestla­nd. Men det er kommunane somstår for størstedel­en av velferdsti­lbodet til folk.

Der vil ikkje fylkesbyte­t gjere noko frå eller til.

Heller enn å flytte kommunar ut av Vestland, burde Rogaland på sikt gå inn i eit vestlandsk storfylke.

SÅ ER DET EI KJENSGJERN­ING atVestland har store utfordring­armed å binde fylket og regionen tettare saman.

I dag er det drygt 420 kilometer frå fylkesgren­sa i sør til fylkesgren­sa i nord. Dei utfordring­ane blir ikkje mindremed eit større fylke. Men regionen vil bli meir slagkrafti­g.

Det er viktig, sidan det er dei sentrale styresmakt­ene somavgjero­mHordfast vert realisert. Den planlagde fjordkryss­inga ogmotorveg­en vil korte ned avstandenm­ellomBerge­n, Haugalande­t og Stavanger.

Sveio ligg langs denne hovudvegen, og det er langt viktigare for utviklinga til Sveio enn kva fylke dei høyrer til.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway