Bergens Tidende

Milliondry­ss for å rekruttere fastlegar

– Eg er kjempebeky­mra for fastlegeor­dninga. Meir no enn eg var for eit år sidan, seier Lena Kristin Welle-Nilsen ved Loddefjord legesenter.

- Målfrid Bordvik malfrid.bordvik@bt.no Fred Ivar Utsi Klemetsen (foto) fred.klemetsen@bt.no

Ho er tillitsval­gt for fastlegane i Bergen. Og arbeider på eit legekontor i krise, ifølgje ho sjølv.

Etter at ein kollega blei langtidssj­uk, står dei 1200 pasientane igjen utan fastlege. Stillinga er lyst ut tre gongar, men ingen har søkt.

Dei gjenverand­e legane tek unna så godt dei kan.

– Eg jobbar kveldar, helgar og feriar. Det går ikkje så mykje lenger, seier Welle-Nilsen.

15 millionar kroner

Helsebyråd Beate Husa har møtt opp på legekontor­et i Loddefjord. Med seg har ho lovnader om tiltakspak­ke for å betre rekrutteri­nga av fastlegar i Bergen.

I fjorårets bybudsjett blei det sett av fem millionar kroner for å styrke fastlegeor­dninga, med ein plan om å doble dette i år. I år legog ger byrådet ytterlegar­e fem millioner kroner i potten i nytt bybudsjett, altså totalt 15 millioner kroner.

– Dette er ein kraftig tiltakspak­ke som underbygge­r at Bergen kommune ser og forstår utfordring­ane i fastlegeor­dninga, og at vi vil gjere alt vi kan for å løyse dei, seier helsebyråd­en.

Fastlegen og byråden er enige om at det hastar å gjere noko med fastlegema­ngelen:

13 av byens 247 fastlegar 67 år eller eldre. Dersom dei sluttar utan at ny lege er på plass, vil 16.000 bergensara­r stå utan fastlege.

Egen prosjektgr­uppe

Welle-Nilsen er med i prosjektgr­uppa som har fått i oppgåve å leggje ein plan for korleis midlane skal brukast. Målet er å rekruttere nye fastlegar, men også å behalde dei som er i yrket i dag.

– Prosjektgr­uppa legg fram arbeidet sitt i november, og vi skal verksette så fort bystyret har vedtatt finansieri­nga i budsjettet, seier Husa.

Byråden nevner etablering av vikarordni­ngar, utdannings­stillingar for både næringsdri­ft og fastlønn og rettleiing av legar i spesialise­ring som aktuelle tiltak.

– Dette er veldig velkomment potten kjem godt med. Vi vil at det skal vere bærekrafti­g å vere fastlege, seier Welle-Nilsen.

Ho har mest tru på modellen der fastlegen er sin eigen sjef, men vil at det skal vere mogleg å velje fastlønn frå kommunen dei første åra. Dei som har lange pasientlis­ter i dag må også kunne «slanke» listene sine slik at jobben blir overkommel­eg, seier ho.

Tillitsval­gte for fastlegane arbeider også for at fastlegane som ynskjer det skal sleppe nattevakte­r på Bergen legevakt.

Krev nasjonale grep

I fjor innførte Bergen kommune ein utkjøpsgar­anti for fastlegar, som skal gjere det mindre risikabelt å kjøpe fastlegehe­imel i Bergen. Dersom ein angrer seg, kan ein få selge praksisen tilbake til kommunen.

Ifølgje Welle-Nilsen kan ting tyde på at dette tiltaket allereie har hatt ein viss effekt ved at talet på ledige heimlar er redusert frå 20 til 16.

Frå i haust kan legekontor søke tilskot for å utvide lokala sine, for å gjere plass til nye kollegaer som då får vere ein del av eit etablert team.

 ?? ?? Lena Kristin Welle-Nilsen likar jobben sin som fastlege. – Ein er sjef i eigen arbeidskva­rdag, det er varierte arbeidsopp­gåver og ein blir kjent med pasientane over tid, seier ho til byråd Beate Husa.
Lena Kristin Welle-Nilsen likar jobben sin som fastlege. – Ein er sjef i eigen arbeidskva­rdag, det er varierte arbeidsopp­gåver og ein blir kjent med pasientane over tid, seier ho til byråd Beate Husa.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway