Bergens Tidende

Kampen for sanninga

LEIAR: Rafto-vinnaren viser korleis data kan brukast i kampenmot overgrep.

-

RETS RAFTOPRIS går til Human Rights DataAnalys­is Group (HRDAG). Gruppa er basert i USA, og er neppe særleg kjent for mange.

Prisen er ei viktig anerkjenni­ng av kor viktig informasjo­n er for å avdekke brot påmenneske­rettane.

ALDRI FØR HAR DET vore så lett for så mange i verda å få tak i kunnskap, fakta og informasjo­n. Det kan me takke internett for.

Men internett har òg sytt for at desinforma­sjon – reinspikka løgn – har fått omfattande spreiing.

Ved å så tvilomkva somer sanninga, dekker mange regime over kor brutale dei er mot si eiga befolkning. HRDAG er éin av aktørane somjobbar for åmotverke dette.

HRDAG HAR KOMEMED viktige bidrag for å avdekke omfattande brot på menneskere­ttane i dømevis Syria, Guatemala og Tsjad.

Under Kosovo-krigen i 1998 og 1999, visteHRDAG­s analysar at over dobbelt såmange sivile kosovo-albanarar vart drepne av serbiske styrkar, enn det offisielle tal viste.

Det var viktig for å stadfeste frykta for at det gjekk føre seg eit folkemord.

Ved å så tvil om kva som er sanninga, dekker mange regime over kor brutale dei er mot si eiga befolkning.

ANALYSEGRU­PPA JOBBAR IKKJE berre for å dokumenter­e overgrep i krig, konflikt og i autoritære statar.

Dei har blant anna vist korleis politiet står bak langt fleire dødsfall i USA enn dei offisielle tala viser.

Dei har òg sett på korleis styresmakt­er har publisert mangelfull og ofte selektiv statistikk knytt til koronadøds­fall. Ved å bruke ulike definisjon­ar på kva somtel someit koronadøds­fall, har til dømesNewYo­rk bidrege til å underdrive kor alvorleg koronapand­emien råka delstaten.

ARBEIDET TIL HRDAG viser korleis data og statistisk analyse kan brukast i kampen for menneskere­ttane.

Det gjer jobbenmed å påtale brot på menneskere­ttane litt lettare – og gjer det lettare for domstolar å dømme dei somstår for overgrepa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway