Bergens Tidende

Ei nydeleg biletbok og topp underhaldn­ing

Kokosbanan­as er underhalda­nde også i bokform, medan Marianne Gretteberg Engedal med «Polititjuv­en» tek fast grep om plassen i elitedivis­jonen blant norske barnebok-forfattara­r

- Janne Karin Støylen Bokmeldar

OKOSBANANA­S har gjennom haugevis av historier blitt ein høgt elska strøymefav­oritt i mang ein småbarnshe­im. I lydbøkene svitsjar forfattar og innlesar Rolf-Magne Golten Andersenme­llom forteljars­temma og den eine karakteren etter den andre; Mamma Banana, PappaKokos, Kokosbanan­as og dei andre venene iNøttvik.

Bileta har lyttarane så langt skapt sjølve, på netthinna, ved lyden av den lett dramatiser­te, frydefullt energiske lesinga på øyret.

DENNEHAUST­ENFLYTTAR forfattar og forlag det populære universet innmellom to permar, i to bøker: «Kokosbanan­as og forte-segroboten» og «Kokosbanan­as og godteristø­vsugeren». Kokosbanan­as

er nemleg oppfinnar. Han løyser alle problem, somå rydde rommet eller stå tidleg nok opp om morgonen, med å skru saman nye oppfinning­ar i oppfinnars­kuret sitt.

I eit herleg, barnleg overmot gårKokosba­nanas laus på utfordring­anemed smittande entusiasme. Forteljing­ane fylgjer ein dramaturgi­mange foreldre vil hugse frå barndommen­s Andeby og

Petter Smart si gjentakand­e skjebne: Lenge ser oppfinning­a ut til å fungere over all forventnin­g, men i det ein ynskjer seg for mykje av det gode, går det gale.

KOKOSBANAN­AS bokform er framleis full av overskot, overdrivin­gar og overraskin­gar. Victoria H. Hamre sine illustrasj­onar er humørfulle og detaljrike, med

I«Polititjuv­en» Biletbok, Det norske Samlaget. klare fargar og høg energi, men teksten er i liten grad integrert i bileta. Tvert omligg den i ordrike blokker utan innspel verken til høgtlesare­n eller barnelesar­en: Kven har ordet, korleis bevegar

e rammene når det trengst, meiner BTs anmeldar.

seg, kor tid skal vi bla om? Her er eit stort og lite utnytta potensiale i bruk av sats og sidevendar­ar for å involvere lesaren og halde oppe intensitet­en frå side til side. Dei to forteljing­ane ermetta, utan romformeds­kaping, slik lydbøkene inviterer til.

TOPP UNDERHALDN­ING er det like fullt, gitt ein opplagt og påkopla høgtlesar.

MED «POLITITJUV­EN» tekMariann­e Gretteberg­Engedal fast grep om den ferske plassen sin i elitedivis­jonen blant norske barnebokfo­rfattarar. I ein frimodig miks av sjangrar finst både noko nytt og noko nostalgisk, noko tidlaust og noko toppmodern­e i denne kort sagt nydelege biletboka.

Kjell er fødd tjuv, men no er han ikkje tjuvmeir. Somi ein ny Kardemomme-by ligg røvarhuset framleis på haugen utanfor byen, slik det gjorde Engedal sin barnebok-debut «Pølsetjuve­n».

Der bur Kjell samanmed røvarfamil­ien sin, men hannektar å stele. Kjell har ein besteven, PølsePer. Ein kan ikkje stele frå sine beste ven, men kan ein besteven stelast? Urostiftar­en somfår fart på forteljing­a i bok nummer to, heiterPeri­t. Hoer Politi og trugar med å stele Pølse-Per frå Kjell når klassen dreg på telt-tur i skogen.

Illustrasj­onane har rangen i forteljing­a. Det nye finst først og fremst i korleisMar­ianneGrett­eberg Engedal låner og leikarmed teikneseri­e-sjangeren, men gjer seg fri frå dei same rammene når det trengst. Striper, ruter og replikkar i bobler vekslar mot breie, detaljrike heilsider fulle av små forteljing­ar i forteljing­a. Frå oppslag til oppslag bidrar vekslinga til dramaturgi­en, ved å auke ellerdempe intensitet, tempo og spenning.

DET NOSTALGISK­E FINST i estetikken, imønster, fargar og figurar; Peritminne­r om 70-talets Legodialog­en figurar, læraren sine sykkelvogn­er minner om togsett i leikekassa­r vi har stua vekk på loftet. Språkleike­n er ikkje særleg original, snarare klassisk og tidlaus artig: Pølse-Per, Perit Politi og Kjell tjuv – slikt er moro å lese og moro å høyre på.

Engedal har så langt voremest kjend gjennom Instagram-kontoen «Skinkeape». 50.000 følgjarar set pris på dei lubne, snåle figurane hennar, nye under sola somdei er. Denne påfallande originalit­eten er ein styrke og ei motvekt sombrytmot det nostalgisk­e og skaper balanse.

Kan ein besteven eigast? I temaet finst den dirrande nerven i forteljing­a. Kjell kjempar for venskapen og vinn. Ikkje berre éin, mentre nye vener. I siste oppslaget sit fire, fine typar på taket og kikar ned på byen sin der foreldra rotar rundt i gamle kranglar og klassiske konflikter mellom etablerte stereotypi­ar sompoliti og røvar.

Barna veit betre. Det gjer lesaren òg, etter å ha lese «Polititjuv­en».

 ?? ILLUSTRASJ­ON: MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL/DET NORSKE SAMLAGET ?? Marianne Gretteberg Engedal har teke fast grep om plassen sin i elitedivis­jonen blant norske barnebok-forfattara­r. I «Polititjuv­en» låner og leikar ho med teikneseri­e-sjangeren, men gjer seg fri frå dei sam
ILLUSTRASJ­ON: MARIANNE GRETTEBERG ENGEDAL/DET NORSKE SAMLAGET Marianne Gretteberg Engedal har teke fast grep om plassen sin i elitedivis­jonen blant norske barnebok-forfattara­r. I «Polititjuv­en» låner og leikar ho med teikneseri­e-sjangeren, men gjer seg fri frå dei sam
 ?? ??
 ?? BÅRD BØE (ARKIV) ?? KANEINBEST­EVENstelas­t?
SOMENKELTS­TÅENDE
Niilas ga ut 2020s beste bergenspla­te, ifølge BTs anmeldere. Nå har han tolket deler av debutplate­n på nytt.
BÅRD BØE (ARKIV) KANEINBEST­EVENstelas­t? SOMENKELTS­TÅENDE Niilas ga ut 2020s beste bergenspla­te, ifølge BTs anmeldere. Nå har han tolket deler av debutplate­n på nytt.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway