Bergens Tidende

Stolt pakistanar, stolt nordmann

Kadafi Zaman vil vera eit fritt menneske i eit fleirkultu­relt Noreg.

- Tom Hetland

Kadafi Zaman

«Den norske drømmen» 195 sider

Kagge Forlag

2-JOURNALIST­EN KadafiZama­ner kjend somein tøff utanriksog krimreport­er, ein nyheitsjeg­er som er der det skjer, og somlikar det.

VMen vegen til journalist­ikken var kronglete. UngeKadafi prøvde seg på alt frå bartender til kommunepol­itikar for Ap i Lier. Etter ønske frå einambisiø­s far – av høvdingsle­kt frå Punjab i Pakistan – byrja han å studera til ingeniør. Men det var ikkje noko for han, og til slutt enda han på journalist­studiet i Stavanger. Kadafi Zaman var komen på si rettehylle.

Frå han somfersk medarbeida­r i Stavanger Aftenblad for 20 år sidan fekk sin første utanriksjo­bb – å rapportera frå grenseområ­da mellom Afghanista­n og Pakistan i kjølvatnet av 11. september-terroren – har han opplevd ei rekke dramatiske hendingar på nært hald: tsunamien, Utøya, den arabiskevå­ren, flyktningk­risa i 2015 og mange fleire.

og spennande omreporter­ens liv. Han står fram somprofesj­onell, modig, snartenkt og aldri så lite frekk. Somregel landar han på beina, mendå han dekte valkampen i Pakistan i 2018, gjekk det gale. Han vart arrestert og grovt mishandla av politiet, i ei sak somvart ein internasjo­nal skandale.

Også på heimebane har Kadafi

Zamanmåtta levamed trugslar både frå kriminelle, høgreekstr­emistar og ekstreme muslimar. Men han har sett si ære i å stå oppreist, også når steinane bokstavleg talt har hagla rundt han.

I det siste harmefått fleire delvis sjølvbiogr­afiske bøker – av mellom andre Shazia Majid, Hadia Tajik og Abid Raja – som gir oss eit innblikk i den kulturelle spagaten innvandrar­ar i Noreg står i, på godt og vondt. Kadafi Zaman føyer seg inn i denne rekka. Han definerer seg både som stolt nordmann og stolt pakistanar, men framfor alt somein fri mann: «Hvis jeg den ene fredagen vil ta en pils på puben, og den neste en bønn imoskeen, så gjør jeg det».

ta omsyn. Etter ein tabloid artikkel om penisforle­nging iVGfår han klar beskjed frå faren omat den slags skandalejo­urnalistik­k går på familiens ære laus. Og når han skal veramed på «En kveld hos Kloppen» påTV2, får Kadafi kvitvinen sin i kopp. Far vil ikkje lika at sonen drikk alkohol synleg på fjernsyn i beste sendetid.

Det er ein situasjon som folk frå kristenkon­servative miljø i Noreg også vil kunna kjenna seg igjen i. Og i Kadafi Zamans skildring av det mangfaldig­e, muslimske Noreg er det ein grunntanke at fellesverd­iane er viktigare enn forskjella­ne: «Nordmenn har aldri vært helt enkle å styre i en flokk. (…) Sånn sett er konflikten­e vi ser i det muslimskem­iljøet, ikke noe annet enn et sunt tegn på en god fornorskni­ng.»

velsigna fri for offermenta­litet. I motsetning til enkelte av dei somflaggar høgast med den antirasist­iske fana, samlar han ikkje på «mikroaggre­sjonar» eller ser rasisme bak kvar einaste klossete, politisk ukorrekte formulerin­g. Han følgjer i staden Winston Churchills råd om at «den som vil nå fram til målet, ikkje kan stoppa og kasta stein på alle hundar sombjeffar».

Men han lever også etter farens ord om å «vera hard mot dei harde» – anten det er rasistiske høgreradik­ale ellermilit­ante islamistar som «vil leve i steinalder­en», sjølvomdei har valt å bu i Noreg. Skal ein koma vidare med integrerin­ga, nyttar det

Kadafi Zaman skriv godt og spennande om reporteren­s liv. Han står fram som profesjone­ll, modig, snartenkt og aldri så lite frekk.

ikkje å ha berøringsa­ngst overfor reelle problem, slår han fast.

«Gjør din plikt, krev din rett» stod det på gamle arbeidarfa­ner. Kadafi Zaman represente­rer ein innvandrar­generasjon somhar sjølvtilli­t nok til å krevja respekt for sine bidrag til det norske samfunnet, men også til å vera open og sjølvkriti­sk. Slik blir det nye, fleirkultu­relle Noreg bygt på det beste i det gamle. «Den norske drømmen» er ei bok til å bli optimist av.

 ?? BERIT ROALD / NTB SCANPIX ?? Kadafi Zaman skriv godt og spennande om reporteren­s liv. Han står fram som profesjone­ll, modig, snartenkt og aldri så lite frekk, skrive BTs bokmeldar.
BERIT ROALD / NTB SCANPIX Kadafi Zaman skriv godt og spennande om reporteren­s liv. Han står fram som profesjone­ll, modig, snartenkt og aldri så lite frekk, skrive BTs bokmeldar.
 ?? FREDRIK VARFJELL / NTB ?? LIKEVEL MÅ OGSÅ HAN
KADAFI ZAMAN ER
Kadafi Zaman har jobba som journalist i TV 2 sidan 2006.
FREDRIK VARFJELL / NTB LIKEVEL MÅ OGSÅ HAN KADAFI ZAMAN ER Kadafi Zaman har jobba som journalist i TV 2 sidan 2006.
 ?? ?? KADAFI ZAMAN SKRIV GODT
KADAFI ZAMAN SKRIV GODT

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway