Bergens Tidende

No blir det nye doar i parkane

Det er tverrpolit­isk doeinighei­t i bystyret – no skal det byggast nye offentlege toalett i både Nordnesog Nygårdspar­ken.

- Ingvild Nave ingvild.nave@bt.no

For ein gongs skuld har høgreog venstresid­a i bergenspol­itikken funne saman:

Begge er einige i at det no er på tide å få på plass offentlege toalett i dei to store parkane i Bergen sentrum – Nygårdspar­ken og Nordnespar­ken.

– Det er mange år sidan det blei etterlyst toalett i både Nygårds- og Nordnespar­ken. Dette bør det vere einigheit om, og grei skuring at bystyret kan få gjort noko med, meiner bystyrerep­resentant Eivind NævdalBols­tad (H) som kom med forslaget i mai 2021.

Arbeidet med å etablere permanente offentlege toalett i Nygårdspar­ken er allereie i gong, og det er sett av pengar til tiltaket i perioden 2021–2024. Nedre del av parken er no under oppussing til ein total prislapp på rundt 67 millionar kroner.

Eit alternativ er å bygge toalett i gartnarbus­taden ved fotballban­a på Møhlenpris, eller i eit nytt bygg like ved. Det blir også vurdert å bygge eit nytt toalettbyg­g i søre del av parken.

– For dårleg på toalett

I løp av våren 2022 vil dette truleg bli avklart i bystyret, og dersom ein vel å gå for gartnarbus­taden kan bygginga av toaletta starte allereie neste haust.

Men heilt i boks er dette endå ikkje.

Bymiljøeta­ten meiner at det vil vere behov for eit HC-toalett og to standard toalett. Tilbodet vil med andre ord ikkje vere dimensjone­rt for dei travlaste dagane i parken, og ved større arrangemen­t må eigne mellombels­e toalett på plass.

– Bergen har vore for dårleg på offentlege toalett i fleire tiår, noko eg trur fleire parti må ta ansvar for. Men no skjer det, seier Bakke.

– Må få opp farta

I Nordnespar­ken må bergensara­ne knipe igjen lenger – her kan det ta fleire år før planane er i boks fordi ein må politisk vedta kvar doen skal ligge, sikre finansieri­ng og planlegge bygging.

Høgre meiner byrådet må få opp farta.

– Vi har bedt byrådet om å legge fram ei sak for bystyret i første halvår 2022. Er det ein ting diskusjona­r om offentlege toalett i Bergen har lært oss, er det at det ikkje skadar med ein utolmodig opposisjon, seier Nævdal-Bolstad.

Utval for miljø- og byutviklin­g ber også byrådet om å få på plass mellombels­e toalett snarast, som festivaldo­ar eller liknande.

– Kan det vere på plass allereie til sommaren?

– Det kjem an på om dei folkevalde finn pengar til det. Vi fekk det på plass i sommar i Nygårdspar­ken fordi behovet var svært stort, seier byutviklin­gsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG), som ikkje kan love noko heilt endå.

– Fryktar det vil dra ut

Den permanente løysinga kan anten ligge i tilknyting til Nordnes sjøbad, få plass i bygningsma­ssen til Akvariet og Havforskin­gsinstitut­tet når dei flytter til Dokken, eller ligge i eit nytt, frittligga­nde bygg.

– Vi ønskjer eit frittligga­nde bygg. Vi veit ikkje kor lenge det vil ta før bygningsma­ssen vil bli

 ?? IVER DAALAND ÅSE ?? I sommar sette kommunen opp desse mellombels­e toaletta i Nygårdspar­ken, fordi behovet var stort. No skal det byggast nye p
IVER DAALAND ÅSE I sommar sette kommunen opp desse mellombels­e toaletta i Nygårdspar­ken, fordi behovet var stort. No skal det byggast nye p
 ?? IVER DAALAND ÅSE ?? Det har vore mange diskusjona­r rundt kva ein skal bruke gartnarbus­taden i Nygårdspar­ken til. No kan bygget mellom anna få toalett.
IVER DAALAND ÅSE Det har vore mange diskusjona­r rundt kva ein skal bruke gartnarbus­taden i Nygårdspar­ken til. No kan bygget mellom anna få toalett.
 ?? IVER DAALAND ÅSE ?? Eivind Nævdal-Bolstad (H) og byråd Thor Haakon Bakke (MDG) refererer til kvarandre som dasspoliti­sk talsperson og dassansvar­leg byråd.
IVER DAALAND ÅSE Eivind Nævdal-Bolstad (H) og byråd Thor Haakon Bakke (MDG) refererer til kvarandre som dasspoliti­sk talsperson og dassansvar­leg byråd.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway