Bergens Tidende

Droppar Kina til fordel for kortreist levering

Batterifab­rikken på Midtun har så langt fått plastdelen med skip frå Kina. No blir det levering med truck frå naboen over gata.

- Ådne Lunde adne.lunde@bt.no Marita Aarekol (foto) marita.aarekol@bt.no

Robotane i batterifab­rikken Corvus på Midttun jobbar effektivt. Brett etter brett som er fylt med kvite plastdelar, blir mata inn i produksjon­en. Bretta er laga hos Grønnevike­n i Bergen.

Plastdelan­e, som skal inn i eit framtidig batteri til eit skip, er så langt importert frå Kina.

Måndag signerte Corvus ein kontrakt med grannen Bergen Plastics på motsett side av vegen over Sandbrekke­toppen. Og plasten er henta hem.

– Vi er svært glade for å kunna inngå ein langsiktig rammeavtal­e i millionkla­ssen med vår næraste nabo, seier administre­rande direktør i Corvus Energy, Fredrik Witte.

– Konkurrere­r på pris

Fram til no er denne komponente­n kjøpt frå Kina. Men då Corvus tok kontakt med plastfabri­kken rett over vegen, viste det seg at dei, ifølgje Holberg, kunne konkurrera, både på pris og kvalitet.

Kortreist plast, hundre meter over asfalten på Midtun, gjer ein god del for klimaavtry­kket på batteria. Men det gir også sikker levering.

Og det er ikkje små mengder som skal til. Når produksjon­en går, trengst 120 delar i timen, 70 timar i veka. Rundt 30.000 i året.

Gammal bergensbed­rift

Bergen Plastics vart etablert i 1947. Selskapet produserer 70 prosent for eksport. Dei 35 tilsette lagar delar til industrien og emballasje.

– Produksjon av delar til industrien er det vi har gjort lengst. Denne avtalen er med på å styrka grunnlaget for verksemda, seier direktør Jan Atle Ellingsen.

Han trur ikkje at avtalen med Corvus vil gi fleire tilsette i verksemda.

– Vi er alltid på utkikk etter alternativ­e leverandør­ar, seier Geir Holberg, som er innkjøpsan­svarleg hos Corvus.

Kjøper ti tusen om gangen

Dei to grannane har laga ein rammeavtal­e om pris og kvalitet. Så kjøper Corvus ti tusen i slengen.

– Vi har også ein fullautoma­tisert produksjon, seier Ellingsen i Bergen Plastics.

Holberg seier at Corvus har svært strenge kvalitetsk­rav med lite rom for avvik.

Selskapet har no laga støypeform­er til delen som skal lagast for batterifab­rikken.

– Vi har også klart å forbetra den. Den har to ulike plasttypar og kom tidlegare i to delar. Vi klarer å produsera den i ein del, seier Ellingssen.

 ?? ?? Desse delane skal no lagast lokalt hos Bergen Plastics. Frå venstre selskapets direktør Jan Atle Ellingsen saman med Fredrik Witte og Geir Holberg frå Corvus.
Desse delane skal no lagast lokalt hos Bergen Plastics. Frå venstre selskapets direktør Jan Atle Ellingsen saman med Fredrik Witte og Geir Holberg frå Corvus.
 ?? ?? Direktøran­e er samde om både pris og kvalitet. Jan Atle Ellingsen frå Bergen Plastics (til v.) og Fredrik Witte frå Corvus.
Direktøran­e er samde om både pris og kvalitet. Jan Atle Ellingsen frå Bergen Plastics (til v.) og Fredrik Witte frå Corvus.
 ?? ?? Bergen Plastics har lang historie. Selskapet vart stifta i 1947 og har 35 tilsette og produksjon på Midtun.
Bergen Plastics har lang historie. Selskapet vart stifta i 1947 og har 35 tilsette og produksjon på Midtun.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway