Bergens Tidende

Kome leikeplass­ar i Bergen

Kjære politikara­r og utbyggjara­r: Sjå på dette som ei ønskjelist­e. Gerd Margrete Tjeldflåt

- Kommentato­r i BT gerd.tjeldflat@bt.no

ME MÅ LAGE meir plass til barn i Bergen. IBergensen­trum finst det eigentleg ingen leikeplass­ar. Dermed blir ikkje bysentrume­t den attraksjon­en den burde vere for familiar.

Bergen sentrum er trongt, argumenter­er mange. Og det er det. Det finst ikkje mange ledige, gode tomter. Men viss me skal vere heilt ærlege: Handlar det ikkje allermesto­mvilje?

For det finst jo plass, viss ein bestemmer seg for det.

Her kjemdifor ei ønskjelist­e til politikara­r og utbyggjara­r, fullstendi­g utan omsyn tilomdet er realistisk:

1. La Solheimsvi­ken leve utanforkon­tortid

MellomMoxy-hotellet og kontorbygg­et Skipet har det lenge lege ein stor open grusplass.

Den er solfylt, avgrensa og fin. Perfekt for ein leikeplass.

Solheimsvi­ken er blitt ein plass kor folk berre er i kontortid, med mindre dei skal på legevakten. Det er ufatteleg dårleg utnytting av eit område som ligg så fint til.

Ein leikeplass ville løyst problem, for både folk og næringsliv.

Med eit godt nok tilbod ville familiar laga seg ærend her. Medan ungane boltra seg, kunne foreldra kjøpt kaffi, teke ein utepils og ete lunsj.

Slik blir det likevel ikkje. Leikeplass lønnar seg ikkje, utbyggjar GC Rieber skal i staden byggje endå eit kontorbygg. Og slik held Solheimsvi­ken fram som ein plass folk drar til berre for business og beinbrot.

2. Trenoppnye­brannkonst­ablarvedAD­O

Berre høyr på dette:

Leikeplass med utsikt til brannstasj­on.

Alle somhar eller har hatt barn skjønnar vel at det er ein god idé?

Området utanfor ADO og Amalie Skramer ikkje gigantisk, men veldig tomt. Også her er det gode solforhold for foreldre som vil ta livetmed romedan ungane herjar.

Men den store attraksjon­en ligg altså på andre sida av sundet. Her kunne ungar leika og samstundes telje brannbilar eller sjå på brannmanns­kap øve. Timevis med underhaldn­ing!

3. Laglittbar­nefestpåFe­stplassen

Eg tilhøyrer den delen av bergensara­r somlikar den store, opne Festplasse­n.

Nei, den er ikkje mykje i bruk. Men det er fint at Bergen tek seg råd til å ha ein stor, open allmenning somdette.

Likevel: Dethaddevo­remogeleg åbruke litt avområdetr­undtFestpl­assenpåvår­e småhåpeful­le.

På begge sider av Festplasse­n ligg det parkområde som får svært litemerkse­md. Ein del av parken er dessutan sett av til kafé allereie, og om sommaren får Landmark bruke deler av området til uteserveri­ng.

Sidan det er gjort unntak for næringsver­ksemd, burde ein også kunne setje av litt plass til dei yngre.

Det hadde dessutan laga meir business for nemnde uteserveri­ng og kafé, ettersomsm­åbarnsfore­ldre pleier vereimarkn­aden for forfriskin­gar medan ungane leikar.

4. Grønt og skjønt på Sydnesplas­sen

Dette er truleg detmest realistisk­e punktet på lista.

Den midlertidi­ge skulen på Sydnes skal snart fjernast, og bystyret har vedteke at området skal førast tilbake til park – slik det var før.

Menmedan skulen har vore der, har mange barn i området nytta seg av leikeplass­en utanfor. Fleire naboar har difor ivra for at parken bør kombineras­tmed ein leikeplass.

I 2021 fekk tidlegare ordførar Linn Kristin Engø (Ap) med seg bystyret på at det var ein god idé. No spørst det berre om kommunen følgjer opp.

Plassen ligg berre ein kort tur frå sentrum, opp dei også ganske barnevennl­ege Johanneski­rketrappen­e. Dette kan dermed bli ein favoritt hos mange.

5. På Bergens Copacabana – Møhlenpris

Så snart gradestokk­en bikkar 20 og sola skin, er det eit yrande folkeliv på Møhlenpris. Bergensara­r er aldri så tett på framande sompå bystranda ein solskinsda­g. Og barn og foreldre spring i skytteltra­fikk mellom sanden, iskiosken på Cornerteat­eret og kafeen til Bergen kaffebrenn­eri.

Men det er jo ikkje så mange dagar i åretmed over 20 grader i denne byen. Med ein leikeplass kunne bruken av området vore utvida dramatisk.

Ein fordel med dette området er at det har enorme parkerings­anlegg. Det bør difor vere ganske enkelt å kunne stele litt asfaltplas­s til ein kul leikeplass.

6. La ungar leike tørt og varmt: Innandørs!

Oslo har det. København har det. Ja, dei fleste byar har eigentleg variantar.

Me snakkar om leikeplass­ar innandørs. Som skreddarsy­dd for det bergenske klimaet.

Bergen burde hatt patent på dette. Men, nei.

Jo, okei, mehar Leo’s lekeland langt utanfor sentrum. Og ja, me harVil vite ogAkvariet. Men her snakkar me om boltreplas­sar innandørs, gjernemynt­a på dei minste, og helst til ein ikkje altfor dyr penge.

Med mange hundre regndagar i året, bør marknaden vere enorm.

Side 35: Bergen kommune svikter ikke barnas lek

 ?? ??
 ?? BJØRN ERIK LARSEN (ARKIV) ?? Det hadde jo vore plass til ein leikeplass ved Festplasse­n, eller?
BJØRN ERIK LARSEN (ARKIV) Det hadde jo vore plass til ein leikeplass ved Festplasse­n, eller?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway