Bo Bedre (Norway)

\ ALEINE SAMAN

Når to kreative sjeler vel å slå seg saman om å – innimellom – danne eitt heile, blir resultatet Studio Each, som opna i Bergen i haust.

- Tekst CECILIE MOLVAER JØRGENSEN Foto STUDIO EACH Studio Each, Steinkjell­ergaten 2, Bergen, @studio-each.

Stylistane Per Olav Sølvberg og Adrian Pedersen har opna ein ny møteplass

i Sandviken i Bergen, Studio Each.

Stylistane Per Olav Sølvberg og Adrian Pedersen – om du er ivrig leser av Bo Bedre, kjenner du dei frå Hjemme hos stylistene-serien vår – har nyleg flytta saman. Kreativt, vel å merke. Dei har funne seg eit studio i gata der dei begge bur i Sandviken i Bergen, og fylt det med det dei likar best. To helger i månaden, eller etter avtale, opnar dei dørene til Studio Each, og sel godbitane dei samlar på.

– Det er i hovudsak unikaprodu­kt frå ukjende og «up and coming»-designarar og kunsthandv­erkerar, seier dei to, og nemner mellom andre Poppy Lawman (som i august vann Årets nykommer i Bo Bedre Designpris), Anna Øfstedal Eng, Jannik Abel og svenske Paula Atelier. I tillegg fører dei møblar frå danske Frama og kledene til Aure, eit kultmerke drive av nordmenn i København.

– I utgangspun­ktet er dette arbeidspla­ssen vår, der vi sit og jobbar med kvar våre ting i vekedagane, men vi ynskjer å bruke romma til meir enn det. Vi vil skape ein møteplass, seier dei to, som helst ikkje vil kalle det ein butikk.

– Vi kjem til å bruke studioet til pop-up-utstilling­ar, middagar og lanseringa­r, og ha performanc­e-kunst i vindaugska­rmen. Den type ting, fortel duoen, og understrek­er:

– Dette er lidenskap, passion. Vi gjer ikkje dette for å bli rike. Vi gjer det fordi vi er oppriktig engasjert og ynskjer å løfte fram dei unge og ukjende – dei som er svoltne og ivrige på å kome seg opp og fram, men som ikkje har arenaen for det enno.

Dei trekk fram stylistkol­lega Kirsten Visdal og hennar prosjekt Håndverk+ i Vågå, der ho løfter fram talent i utstilling­ar og workshops.

– Kirsten har starta noko bra med å formidle talenta. Og så kan vi selje arbeida deira, seier dei. – Det blir ein fin sirkel.

 ??  ?? 4 4+5. BAKTEPPE. Studio Each fører heile sortimente­t til danske Frama og Aure, som dannar fine rammer for småprodukt­a elles.
4 4+5. BAKTEPPE. Studio Each fører heile sortimente­t til danske Frama og Aure, som dannar fine rammer for småprodukt­a elles.
 ??  ?? 3. OPP OG FRAM. Unikaprodu­kt frå Anna Øfstedal Eng og Paula Atelier er blant godbitane i hyllene.
3
3. OPP OG FRAM. Unikaprodu­kt frå Anna Øfstedal Eng og Paula Atelier er blant godbitane i hyllene. 3
 ??  ?? 1 1. IDYLLISK. Studio Each ligg fint til i Sandviken i Bergen. Vindaugska­rmane kan snart by på performanc­e-kunst.
1 1. IDYLLISK. Studio Each ligg fint til i Sandviken i Bergen. Vindaugska­rmane kan snart by på performanc­e-kunst.
 ??  ?? 5
5
 ??  ?? 2. HANDVERK. Kunstnar Jannik Abel sine Reconnecto­rs er i sortimente­t.
2
2. HANDVERK. Kunstnar Jannik Abel sine Reconnecto­rs er i sortimente­t. 2

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway