Bo Bedre (Norway)

\ REDAKTØREN­S FAVORITTER

DETTE INSPIRERER MEG AKKURAT NO

-

1. NATUREN, ALTSÅ! Då dette bildet dukka opp i Instagram-feeden min, trudde eg først det var kunst. Det var så vakkert! Men, neidå. Bildet, frå Noma i København, viser østerssopp som veks utanpå ein pose med gammal kaffigrut. At det går an! Soppen veks attpåtil så fort, at staben på Noma et av han til lunsj kvar dag. Og med eitt blei bildet endå vakrare. noma.dk 2. TWINNING. Som mor til tvillingar fall eg saerleg for den handlaga sølvringen Twin frå Vera & Kyte sin

Balance-kolleksjon for Arven. Men heile smykkeseri­en er nydeleg! arven.no 3. TROLSK. Til utstilling­a Tango på stockholms­galleriet Sebastian Schildt stilde Carina Seth Andersson nyleg ut nye munnblåste, handlaga glasobjekt. Carina har mellom anna eksperimen­tert med lavasand, noko som gir glaset det spesielle

spelet. carinaseth­andersson.com 4. BEDAGELEG. Mjuk polstring, djupt sete, armlene OG hjul! Alt eg treng i ein stol. Det er ikkje utan grunn at Karin av Bruno Mathsson frå 1969 blir rekna som ein klassikar. duxiana.no. 5. KVARDAGSHE­LT. Den gøteborgba­serte keramikare­n Sandra Li jobbar for tida med ein kolleksjon pokalar, eit symbol på at sjølv små seirar i kvardagen fortener ein pris. Ein bodskap eg sporenstre­ks tok til meg. @sandrali.ceramics 6. PERFEKSJON. Eg kan ikkje strikke, så må sjå til ferdigvare­industrien for å få meg slikt. Sophie frå danske Skall er den perfekte ullgenser. skallstudi­o.com 7. BYFERIE. Ålesund er min

barndomsby, men har ikkje freista meg på lenge. Før no. Hotel 1904 er ein draum av ny design i historiske rammer, teikna av arkitektko­ntoret Invit. 1904.no

 ??  ?? 1
1
 ??  ?? 5
5
 ??  ?? 6
6
 ??  ?? 7
7
 ??  ?? 2
2
 ??  ?? 3
3
 ??  ?? 4
4
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway